Naust-saka på Sør-Bokn har blitt ein dyr affære. No krev Pro-plan utgiftene dekka av kommunen.

SØR-BOKN: Statsforvalteren i Rogaland held oppe Stavanger kommune sitt vedtak om å ettergodkjenne naustet, skriv Stavanger Aftenblad.,

Ifølge avisa har Statsforvaltaren lagt vekt på at naustet ikkje kjem i konflikt med natur- og friluftsinteresser i området. Dessutan er det lagt vekt på at naustet må sjåast på som eit nødvendig tiltak for å kunna ha beitedyr på folketome øyar og holmar i området.