Kari Nessa Nordtun og resten av formannskapet går ikkje for forslaget om å innføra rødt nivå i skulane.

STAVANGER

: Eit enstemmig formannskap går inn for å behalda gult nivå i skular og barnehagar. Men kommunedirektøren får fullmakt, etter anmodning frå helsesjefen, å fatta enkeltvedtak knytta til den enkelte skule med høgt smittetrykk.,

Kommunedirektøren blir også bedt om å prioritere andre tiltak før det blir innført rødt nivå. Det er hensynet til barn og unge som gjer at formannskapet droppar rødt nivå, sjølv om dette ifølge ordførar Kari Nessa Nordtun er effektivt for å hindra smittespreing.

Ordføraren er likevel redd for følgene rødt nivå og heimeundervisning vil gi for barn og unge når det gjeld ensomhet, utanforskap og psykisk helse, eit synspunkt som blie fullt ut delt av formannskapet.