Apoteket i Vikevåg manglar folk til koronavaksinering
Stavanger kommune har gjort avtale med sju apotek om korona-vaksinering. Også det einaste apoteket i Rennesøy og Finnøy, Ryfylke Apotek i Vikevåg fekk spørsmål, men må foreløpig avslå på grunn av mangel på folk.
RENNESØY
: -Me vil gjerne ha dette tilbudet, men foreløpig er me ikkje folk nok, seier bestyrar Linda Bjørnsdottir til Øyposten.,
Apoteket i Vikevåg treng 1-2 apotekteknikarar for å gje dette tilbudet. Apoteket har nå lyst etter folk på Facebook, og håpar nokon vil melda seg.
-Men det er ikkje så lett å få folk frå fastlandet til å søkja jobb på Rennesøy, seier ho.
Apoteket har to personar i permisjon, men det tek ei stund før desse er tilbake.
Dei sju apoteka kommunen har gjort avtale med er Apotek1 Hjorten på Madla Amfi, Apotek 1 Kilden på Kilden kjøpesenter, Apotek 1 Tasta på Tastasenteret, Boots apotek Hundvåg på Hundvågsenteret, Ditt apotek Tvedt Senter på Tvedtsenteret, vaktapoteket Vitusapotek Løven i sentrum og Vitusapotek Mariero i Helgø Meny-bygget på Mariero.
Koronavaksinering på apoteka er gratis, og dei vil starta opp med vaksineringa på ulike tidspunkt, og vil tilby både drop in og bestilling.
-Fordelen med apoteka er at dei kan vaksinera både på dag- og kveldstid. Nokre av apoteka vil også kunne vaksinera på laurdagar, seier direktør helse og velferd i Stavanger kommune, Eli Karin Fosse.