Cato Østerhus har kjøpt Fjordbris hotell i Østhusvik

Han er ein av landets største boligbyggarar og no er han i ferd med å etablera seg i hotellmarknaden.

Konferansehotellet og feriestaden Fjordbris skal bli ein del av ein større Ryfylkedestinasjon.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Østerhus kjøper Fjordbris Hotell i Østhusvik saman med kompanjong Joar Gangnes, men prislappen vil han ikkje ut med ennå.

Det er ikkje meir enn tre år sidan Østerhus kjøpte seg inn i Utstein Kloster hotell som no er totalrenovert og har stor pågang av gjester.

Ryfylkedestinasjon

Dei to kompanjongane kjøpte seg tidlegare inn i aktivitetsselskapet Coastal Adventures Egersund og Ryfylke. Coastal Adventure Ryfylke er etablert på Mosterøy ved Ustein Kloster Hotell. Dei samarbeidar gjennom selskapet Ryfylket Coastel som har kjøpt Fjordbris Hotell.

– Kva tankar har du med oppkjøpet?

– Hotellet skal drivast slik det er førebels. Me vil nok endra konseptet noko, men me veit ikkje i detalj korleis. Det kjem etter kvart som ting går seg til. Når det er sagt ønkjer me å laga ein slags Ryfylkedestinasjon. Ein hub der forskjellige aktivitetar skal samlast. Ryfylke har fantastisk mykje å by på, og me vil gjerna visa regionen fram. Det vil vera enklare og meir oversiktleg viss fleire aktørar kan samlast under ein paraply. Det tenker me må vera ein god idè, ikkje minst for dei små aktørane som sit på gode ideear, men som kan vera utfordrande å få sett ut i livet, fortel Cato Østerhus til Øyposten.

Dei to overtok Fjordbris Hotell for vel 14 dagar sidan. Akkurat no er dei i ferd med å finna folk som kan ta seg av drifta av hotellet.

Tidelgare eigar Kjetil Mehus er med i drifta i ein overgangsfase, men seinast til 1.oktober.