70.000 kroner til Ukraina og India frå Reilstad-dagane
Reilstad-dagane ga penger i potten til hjelpearbeidet både i India og Ukraina. Totalt kom det inn 70.000 kroner.
FINNØY: -Me er meir enn nøgde, både med arrangementet og utbytet av det. Alt gjekk som smurt, seier Olav Reilstad, primus motor for Reilstad-dagane til Øyposten.
Det blei over 30.000 til aksjonen «Med hjerte for India» og 40.000 til aksjonen «Open Heart», som er eit nødhjelpsarbeid for fattige og lidande menneske i Ukraina.
Fredagen var det rundt 330 innom på arrangementet, mens ein stad mellom 120–150 var med på den historiske vandringa på Reilstad laurdag.
-Var det nok av is, brus og snob til ei krone?
-Ja, og ungane kosa seg storvegs, både med dette og dei andre aktivitetane, seier Olav Reilstad.
Reilstad-dagane blei avslutta med at arrangørane, Tor Inge Vasshus og Olav Reilstad blei slept rundt på tube i Reilstadvågen.
Olav Reilstad legg entusiastisk ut om historia til handelsvirksomheten på Reilstad.Foto: Privat Matsalget var godt besøkt. Her er Tone Lise Serigstad Reilstad ein liten tur bortom «disken».Foto: Privat