Mange ville prøva nytt serveringstilbud på Innbyggartorget

Det var stor pågang og travel betjening då Bygdakokken åpna det nye serveringstilbudet i Innbyggartorget på Judaberg tysdag. Tilbakemeldingane frå publikum er utelukkande positive.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Denne smørblide gjengen fekk gratis kake då kafeen i Innbyggartorget åpna igjen. Frå venstre Karianne Vignes Olsen, Ingebjørg Sanne, Kirsten Flesjå og Marit Landa Ekelund. Kakene får dei av Rannveig Asheim.|Ingvild Tobiassen (t.v.) og Guri Eikeland var blant dei mange som prøvde det nye tilbudet tysdag.|-Kjekt å få gå på kafe igjen, seier Lisa Breiland som kom saman med mor si Sissel Breiland. Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg hadde litt trøbbel med det nye kassaapparatet, men det gjekk seg til etter kvart.|||Fint tilbud, tykkjer Ole Henry Asheim (t.v.) og Martin Flesjå.

FINNØY:

-Det er kjekt med kafe igjen på Judaberg og litt byfornemmelse, seier Åse Tobiassen Bergøy og Guri Eikeland frå Finnøy.,

Åse Tobiassen Bergøy seier kafe-tilbudet har vore "sårt sakna" etter at Ryfylkekokken stengde dørene før jul. Nå håpar ho at det nye tilbudet blir verande.

-Kjekt å få gå på kafe igjen, seier Lisa Breiland som kom saman med mor si Sissel Breiland. Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg hadde litt trøbbel med det nye kassaapparatet, men det gjekk seg til etter kvart.

-Eg trur eg kjem til å gå hit ofte, sidan eg er heimeverande for tida, seier ho, og nikkar mot barnevogna kor dottera Åse kosar seg.

-Kva med tilbudet og prisane?

-Tilbudet i disken ser bra ut, og prisane er heilt innanfor. Viss me skal gå her kvar dag, blir det sjølvsagt dyrt. Men det treng me ikkje gjera, seier dei to veninnene.

Dei var blant dei mange som hadde funne vegen til Innbyggartorget tysdag, då Bygdakokken åpna dørene til sitt nye serveringstilbud klokka 12 og baud på gratis kake.

Også Lisa Breiland frå Finnøy, som kom i selskap med mor si Sissel Breiland, synes det nye tilbudet ser lovande ut.

Ingvild Tobiassen (t.v.) og Guri Eikeland var blant dei mange som prøvde det nye tilbudet tysdag.

-Finnøy treng eit slik tilbud. Det er kjekt å kunna gå på kafe igjen på Judaberg,  og menyen ser også spennande ut. Eg kjem nok til å gå her ofte, og har alt avtalt å møta veninner her på laurdag, opplyser Lisa Breiland.

Også Martin Flesjå og Ole Henry Asheim er glad for at kafeen åpnar igjen. Asheim bestilte seg eit club sandwich, som han syntes var svært smakfult og godt, medan Flesjå ventar på burgeren han har bestilt, då Øyposten slår av ein prat.

-Det er eit fint tilbud for meg som bur åleine. I lenga blir eg lei av Fjordland-middagar, nå kan eg eta her av og til, seier Flesjå.

-Trur de tilbudet er liv laga?

-Ja, det trur eg. Her kan du sitja varmt og godt når det er ruskevêr ute, og viss det blir skikkeleg middag på søndagar trur eg det kan slå an, meiner Asheim.

Martin Flesjå hjåpar også det, men legg til at før Ryfylkekokken stengde dørene i kafeen i fjor haust følte han at han ofte sat meir eller mindre åleine i kafeen.

Både Flesjå og Asheim synes ikkje det er noko å seia på prisane, og synes også utvalet på menyen ser bra ut.

Fint tilbud, tykkjer Ole Henry Asheim (t.v.) og Martin Flesjå.

Den store pågangen av besøkande gjorde at betjeningen fekk ei travel økt. Ekstra stressande var det at det splitter nye kassaapparatet ikkje ville samarbeida heilt.

Men koordinator på Innbyggartorget, Rita Lindås er kjempefornøyd med åpningsdagen.

-Besøket var over all forventning, og nå håpar me folk vil bruka det nye tilbudet også framover, seier Lindås. Ho anslår at ein stad mellom 70 og 90 var innom kafeen tysdag.