Tomatprodusent Geir Arne Selvær har måtte kasta inn handkleet denne sesongen. Men han har ikke mista motet.

FOGN:

Selvær hadde sin fyrste sesong som tomatprodusent i fjor og såg slett ikkje føre seg at dette skulle skje.,

Tomatprodusentane er ei av yrkesgruppene som verkeleg har fått kjenna konsekvensane av dei høge energiprisane. Mange står i ein svært krevjande situasjonen, og må gjer som Selvær, å droppa innsetting av plantar til årets tomatsesong.

I fjor produserte han 48 tonn store runde tomatar.

Tapar på produksjon

- Dette er heilt klart ein strek i rekninga. Eg hadde så smått byrja forståfaget, så kom dette. Det er ikkje mogleg å fortsetta drifta med dei rammebetingelsane som gjeld no. Tvert imot, me risikerer å måtte betala for å produsera. Me kan sjølvsagt ikkje setta i gang ein produksjon som gjer at me tapar penger.

Hugs at dette ikkje berre dreier seg om kraftprisane, det gjeld alt; planter, gjødsel, embalasje, transport, lønskostnadar, arbeidsgjevaravgifter. Alt har blitt dyrare.

Heldigvis er det stor forståing for avgjersla i bransjen, det er fleire som er i same situasjon. Men det er triste greier, svært trist, fortel Geir Arne.

https://www.oyposten.no/2021/05/22/geir-arne-selvaer-angrar-ikkje-pa-valet/

I motsetning til fleire andre tomatprodusentar har både Geir Arne og kona Mette, fulle jobbar i byen. Slik sett er dei ikkje blant dei som er vanskelegaste stilt.

- Det er rett. Situasjonen er ikkje mest kritisk for vår del, me klarer oss. Me hadde jobbane våre gjennom heile sesongen i fjor også. Det er kanskje ein av grunnane til at det ikkje sat så langt inne å ta denne avgjersla, me står trass i alt ikkje på bar bakke. Men eg må sei at eg er skuffa over staten som ikkje har gripe inn. Me såg dette komma allereie i oktober i fjor, men det blei ikkje teke tak i.

Det er på bygdene mesteparten av verdiskapninga føregår, og då tykkjer eg det er rart at ikkje styresmaktene vil verna om det, og sikra norsk matproduksjonen. Staten håvar inn på kraftmillionar. Kunne ikkje noko av det gått tilbake til dei som produserer maten? «Alle» vil jo ha mest mogleg mat produsert i Norge. Det er vanskeleg å forstå.

 Vil bu på Fogn

- Kva er planane framover?

- Me kjem ikkje til å flytta frå Fogn, berre slik at det er sagt. Me kom til Fogn for å driva med tomatar, og det aktar eg å fortsetta med. Eg reknar jo med at kvardagen blir normal igjen. I mellomtida må me tenka kreativt og sjå om det er andre kulturar det går an å dyrka i kalde drivhus. Den tanken er for såvidt ikkje ny, men den blei plutseleg svært så aktuell no. Eg har nokre idear som spinn i hovudet, men det er for tidleg å konkludera. Det som i alle fall er sikkert er at salet av sommarblomar som har vore på garden i alle år, kjem til å fortsetta som før. Kva som skjer utover det, veit eg ikkje ennå. Uansett har eg tenkt å bruka nedetida godt. Eit av måla er å læra endå meir av faget for såleis å stå endå betre rusta i faget og i framtida, avsluttar Geir Arne «Geggi» Selvær som aktar å fortsetta livsdraumen.