Rebekka lever med smertesyndrom

Ein harmlaus senebetennelse for fem år sidan har utvikla seg til eit «smertehelvete» som Rebekka Helene Imsland må leva med heilt til ho får ei behandling som hjelper. Og den må ho til USA for å få.

Rebekka Imsland kan få hjelp til å bli kvitt smertene. Men det er dyrt, og det er i USA.  Foto: Privat
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

I Norge finns det ingen eksakt oversikt over kor mange som har smertesyndromet CRPS, men det er ikkje veldig mange. Korleis sjukdommen rammer er og individuelt. For Rebekka sin del har ho fått livet snudd på hovudet, og klarer ikkje leva normalt lenger. Ho er 24 år og ufør.,

Uendeleg smerte

- Når Rebekka er på det verste klarer ho ikkje stå oppreist. Dei enorme smertene gjer at ho ofte knekk saman og blir liggande på golvet. Smertene er så kraftige at ho ofte kastar opp og «forsvinn» og må takla smerten åleine. Kroppen hamnar i adrenalinsjokk, augene lukker seg igjen og høyrsla stengast ute. Viss nokon kjem borti området ho har CRPS, høgre del av overkroppen og armen, kan det kjennast ut som knivar skjær henne i kroppen. Til og med ei fjær eller berre å ha på klede gjer ekstremt vondt. Eg har lese at smertene overgår fødslar og amputasjon av fingre, utan bedøving. Eg tykkjer så synd på Rebekka. Ho har ikkje eit liv lenger. Eg vil så gjerne sjå søstera mi glad igjen, seier Amalie Imsland.

Ein rask google-sjekk seier at CRPS er ei forkorting for Complex Regional Pain Syndrome, eller kompleks regionalt smertesyndrom på norsk. Det er sjukdom som påverkar nervesystemet, og skapar enorme og ubeskrivelege smerter for den som er plaga. I dei fleste tilfelle er det ein følgjetilstand etter ein akutt skade. CRPS er ein individuell sjukdom som rammer tilfeldig og i ulik grad.

Ein annan plass vert »CRPS beskriven som den høgste målte smerta i verda»

For at Rebekka skal få hjelp til å bli kvitt smertene treng ho avansert behandling i USA. Der kan ho få ein behandling som det ikkje er mogleg å få i Norge, men det kostar

Ber om hjelp

Amalie har difor oppretta ein Spleis i håp om at søstera kan få den behandlinga ho sårt treng.

- Det er 80 prosent sjanse for at Rebekka blir frisk med ei slik behandling. Me ønskjer å gjera alt me kan for at ho skal få fortsetta med livet. Ho var så livsglad og hadde sett føre seg ein musikkarriere. Ho var alltid sprudlande og alltid song ho. I 2016 og 17 var ho med i songkonkurransen Idol. Rebekka hadde store planar for framtida.

Behandling, reise, kost og losji vil kosta rundt 750 000 kroner. Sidan behandlinga ikkje er tilgjengeleg i Norge, er familien nøydt å betale summen sjølve. Dei har per i dag samla inn om lag 40 000 som skal gå til behandling av sjukdommen til Rebekka.

Ønskjer du å støtta Rebekka  kan du gå inn på Spleis og søka på namnet hennar.

Publisert: