På fredag startar ein stor leiteaksjon på Judaberg. Alle som vil kan vera med i jakta på hanekammen.

FINNØY:

Dette er opptakten til årets påskekrim på Finnøy.,

Hermed er også alle invitert til å bli med på leiteaksjonen som byrjar på kaia på Judaberg på fredag. Ei jakt i sju etappar skal føre leitemannskapa rundt i Judaberg sentrum.

Før start må dei som ikkje allereie har trimpoengappen, lasta den ned. Det er berre via appen du får informasjon om alle dei sju postane som er markert med ein hanekam, og som leiar deg vidare til neste. I tillegg får du trimpoeng for alle sju postane. Og har du sjekka dei inn i rekkefølge er du med i ei premietrekning.

Ingen «Happy Ending»

For kvar post du sjekkar inn på, kjem du eit steg nærmare hanekammen og meir og meir av historia vert avdekka. Når alle sju postane er registrert, får du vita korleis aksjonen endar. Eller gjer du det?

- Historia har ingen ending. Me legg opp til at den eller dei som har lyst, skal fullføra historia, etter eige ønskje, sjølvsagt. Kanskje blir det slik at me kan bruka den nye historia i neste påskejakt?, spør Ragnhild Valand, leiar på frivilligsentralen.

Silje Klagegg har skrive historia om den uheldige hanen som i seg sjølv er verd all leiting.

Det er i år som i fjor, frivilligsentralen, innbyggartorget og biblioteket som har slått seg saman og vidareført suksessen frå i sist påske.

Leiteaksjonen vert avslutta veka etter påske, eller så lenge hanekammane er synlege i sentrum.

I etterkant vert det teiknekonkurranse for born.

Har du ikkje appen? Last ned «Trimpoeng» (oransje med to fjelltoppar), velg konkurranse «Finnøy og Rennesøy Topptur 2022». Der finn du «Jakta på hanekammen»