Fellesferien er over, men ikkje sommaren

Det er litt vemodig å konstatera at sommaren går mot slutten. Fellesferien er inne i dei aller siste dagane, og snart er det skulestart.

Far, Ruben Fjell, Åse(3), Margot (2) og mor Sunniva bak, er dagsturistar i nærområdet.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: Mange er allerie ferdige med ferien og er godt i gang med kvardagen.

Sommarvêret har vel ikkje utprega seg verken den eine eller andre vegen, og juli går vêrmessig inn i historia som ein «på jabnå.»

Familen Fjell frå Fogn har reist med eigen båt over fjorden til Judaberg for å gjera nokre ærend.

– Ein treng ikkje alltid reisa langt vekk for å vera turist. I og med at vêret er så fint, nytta me høve til å roa det heile ned litt og taross ein is i sola før me reiser heim igjen, seier mor Sunniva.

På måndag byrjar Margot i barnehagen, medan har resten av familien framleis har eit par ferieveker igjen.

Ein klimaforskar seier til Dagbaldet i dag at august mest sannsynleg skal bli varmare enn normalt. Då vel me å stola på han og gler oss over at grillen blir ståande endå ei stund.

Publisert: