Klart for Finnøys første faste pub

Fredag klokka seks åpnar «Dickins» bar og restaurant på Judaberg. Eigar Stephan Dickinson trur pub’en vil bli ein populær møteplass på Finnøy

-Navnet på pub’en og restauranten er ikkje tilfeldig, seier Stephan Dickinson.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det er hektisk aktivitet før åpninga fredag. I morgon kjem ferdigplenen til hagen, og fortsatt gjenstår litt «ditt og datt» før alt er klappa og klart til åpninga.

Pub’en og restauranten består eigentleg av tre separate serveringsstader. Ein lun bakhage, kjellaren kor butikken til Martha Aas held til og hagen ned mot Coop Extra.

Baren har fargar etter det opprinnelege interiøret.

Sjølve pub’en i det tidlegare butikklokalet er innreia med tunge eikemøbler, beisa i mørk farge. Midt i rommet står ein solid bar, også den i eik,  malt i gult, lysegrønt og med svart innramming.

-Baren er teikna av Ola Steinar Flesjå og har farge etter det opprinnelege interiøret i butikken, seier Stephan Dickinson.

Han gledar seg til endeleg å kunna åpna på fredag.

-Det har vore vanvittig mykje arbeid å få alt på plass, men folk har stått på for å få alt ferdig. Nå manglar bare heimesida på internett, men den kjem på plass så snart åpninga er unnagjort. Der vil alle informasjonar om det som skal skje her stå, seier han.

Puben er innreia med tunge eikemøbler.

Åpninga fredag er for innbedne gjester først på kvelden, men seinare åpnar dørene til pub’en for alle. Då spelar også det innleigde band’et opp.

-Kvifor navnet «Dickins»?

-Dickens er namn på pubar og restaurantar over heile verda, ikkje bare i Stavanger og Bergen, som folk gjerne trur. Det betyr at alle som går forbi ikkje skal vera i tvil om kva tilbod dette er. Dessutan står det godt til navnet mitt, smiler Dickinson.

I puben er det plass til ein liten scene, og i sommar er det planar om nokre utekonsertar i hagen.

-Me begynner forsiktig, og har i førsten bare åpent i helgene. Det skal også bli mulig å få seg ein matbit her, seier restauranteigaren.

Stephan Dickinson ser fram til åpninga av Finnøys første faste pub fredag.

-Finnøy og alkohol har ikkje alltid gått så godt saman, er finnøybuen klar for sin første faste pub?

-Det trur eg, Finnøy er ikkje som før. Dessutan har eg fått utruleg mange positive tilbakemeldingar om at dette er eit tilbud som har vore sakna på Finnøy, seier Stephan Dickinson, som legg til at laurdag formiddag inviterer han på gratis kake og kaffi til alle, og omvising i det nye etablissementet.

  1. Finnøy