Hanne Vasshus og Tomas Nesheim foreslått på Ap-lista

Hanne Vasshus frå Sjernarøy og Tomas Nesheim frå Finnøy er blant fortslaga frå øyane til kandidatar til Ap-lista.

Hanne Vasshus har sagt ja til å stå på Ap-lista.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Tomas Nesheim er også aktuell kandidat.

FINNØY-RENNESØY: -Dei to er spelt inn frå Finnøy Ap som aktuelle navn til partiet si liste til Stavanger kommunestyre, opplyser medlem av nominasjonskomiteen, Inger Auestad Havn til Øyposten.

Ho understrekar at plasseringar på lista ennå ikkje er avgjort. Ap-lista for det komande kommunevalet skal vera ferdig i august.

Hanne Vasshus er lærar på Sjernarøy, mens Tomas Nesheim er pensjonist etter å ha jobba mange år i Kolumbus.

Anette Helgevold frå Rennesøy.

Ifølge Auestad Havn er det også kome inn to forslag frå Rennesøy på aktuelle kandidatar. Det er Anette Helgevold, som jobbar i politiet, og Stian Nevøy, som jobbar i Direktoratet for Økonomistyring i Stavanger.

Dei to nåverande medlemmene av kommunestyret frå Ap i Finnøy og Rennesøy, Sølvi Ona Gjul og Ottar Sandanger, har begge sagt nei til gjenvalg.

Stian Nevøy.
  1. Stavanger