Interiør frå nybygget til Finnøy sjukeheim.

STAVANGER:

Fleirtalspartia blei måndag kveld samde om å gå for bygging under møtet mellom gruppeleiarane i partia som sit med makta i Stavanger. Det stadfestar Rune Askalend (mdg), som er leiar i utvalet for miljø og utbygging.,

Planane for nybygget, med kostnadsramma kjem opp der onsdag. Det er også klart at saka skal vidare til formannskapet.

-Men me treng sjukeheimsplassar, og det vil difor ikkje vera lurt med ei utsetjing, seier Askeland til Øyposten.

Han legg til at det truleg vil bli lagt inn ei setning kor kommunedirektøren blir oppfordra til å leita etter kor det kan kuttast i kostnadane med nybygget, utan at det går ut over kvaliteten.

Rune Askeland (MDG) er leiar for Utval for miljø og utbygging. Foto: FOTO: Arkivfoto

Prtislappen på nybygget er nå komen opp i 250 millionar kroner, noko som er 70 millionar kroner meir enn forrrige annslaget. Det første kostnadsoverslaget var på 116 millionar kroner. Noko av forklarinmga på kostnadsveksten er at byggekontrakten blei splitta opp i 15 enkeltoppdrag, for å lokka til seg lokale firma.

-Men sluttresultatet blei at bare eit lokalt firma fekk oppdrag, av dei 15 som var lyst ut. Det er eit tankekors, meiner Askeland.

MDG-politikaren er også uroa for den sterke kostnadsveksten på nybygg i Stavanger.

-Me må passa på pengane våre, avsluttar han.