RENNESØY: I går var det Utstein sin tur. Fleire små vikingskip med mannskap i tidsrette kostymar sigla frå Avaldsnes til Utstein Kloster, til kongsgarden til Harald Harald Hårfagre.

Vikingatmofære

«Håkon Haakonsen» frå Bergen var eit av fleire vikingskip som la til kai ved Utstein Kloster hotell i går ettermiddag. Båten blei bygd i 1997 og er ein kopi av Gokstad-skipet. I 2003 blei skipet selt til entusiastar i Bergen og skifte namn frå Olav Tryggvason til Håkon Haakonson.

– I morgon går ferda vidare til Harfsfjord, men fyrst skal me oververa denne staden her i kveld og kjenna på atmosfæren. I Stavanger kjem det ein ny gjeng på som skal ta skipet opp igjen til Bergen, fortel Trond Borsheim frå Nøtterøy, og som har røter på Finnøy.

Mykje kjekt å sjå og høyra. Foto: Oddbjørg Måland

Utover ettermiddagen og kvelden kom det fleire vikingskaip som la seg ved klosteret. Det var mange besøkande som nytta høve til å studera vikingskip, og ta inn over seg seg den spesielle atomsfæren. Fleire av skipa kjem frå Vikingskipsmuseet i Roskilde.

Biskop Anne Lise Ådnøy inviterte på pilegrimsvandring saman med Utstein Pilegrimsgard. Turen gjekk frå klosteret til hotellet. Det var miniforedrag og musikk med Klang av Oldtid og Valen Vokalensemble.

I følgje sagaen blei det endelege slaget om kontroll over Nordvegen utkjempa i Hafrsfjord, og sigeirherren Harald Hårfagre befesta sin maktposisjon i området med kongsgarder på Utstein og Avaldsnes. Herfrå voks kongeriket Nordvegen og blei etter kvart til Norge.

Foto: Oddbjørg Måland