Skjenkekontrollen gjorde få funn i Finnøy og Rennesøy i fjor

Dei nye retningslinjene skal gjelda for dei 11.000 tilsette i nye Stavanger kommune. I Stavanger har dei tilsettei fått spandert to-tre glas av kommunen på juleborda, nå blir det null i den nye kommunen.,

Også tilsette i Rennesøy har fått ein drink før maten, men det blir det slutt på nå.  Vil du ha eit glas alkohol til maten i den nye kommunen, må du kjøpa det sjølv. Det vil fortsatt vera lov.

Dei nye retningslinjene gjeld for alle typar interne arrangement.

Det er etableringa av den nye kommunen, nye Stavanger, som er bakgrunnen for at regelverket for alkoholservering på interne arrangementer i kommunen er blitt gjennomgått.

Blir som i Finnøy

Både for Rennesøy og Stavanger fører det til ei innskjerping.

-Regelverket blir nå harmonisert og blir meir likt det me har i Finnøy, opplyser Finnøy-rådmann Karin Austvik Dokken til Øyposten.

- Kvifor denne innstraminga?

- Det er ein heilt ny kommune me nå skal etablera, og då må det også lagast nye retningslinjer. Då er utgangspunktet at ein kommune skal gjera klok bruk av offentlege midler, seier Austvik Dokken.

Det nye regelverket er også i tråd med fleirtalspartia si målsetting om mindre alkoholforbruk.

Stig Magne Hordnes representerer fagforeninga Akademikerne i Stavanger kommune, og har vore med og snekra den nye kommunen.

Han seier at dei tillitsvalde har støtta innstraminga.

-Eg trur dei fleste ser fornuften i dette, dessverre er det enkelte som har problemer med å takla alkoholbruken i slike samanhengar, seier Hordnes.

I Finnøy har det ikkje blitt servert alkohol betalt av kommunen til dei tilsette. Unnataket er viss Kongen dukkar opp. Det var elles fullstendig tørrlagt då kommunestyret var samla til festmiddag på Landaloftet måndag, og det same var det då Rennesøy kommunestyre hadde festmiddag same kvelden på Utstein Kloster. Men i Stavanger blei det servert eit glas sjampanje då dei folkevalde der tok avskil den same kvelden.

Smålig

Finnøy-ordførar Henrik Halleland er glad for at nye Stavanger nå legg seg på Finnøy-linja.

-Eg helsar ei innskjerping velkommen, alt som kan føra til redusert skjenking er bra. Alkoholforbruket er for høgt, seier Henrik Halleland.

Ikkje alle helsar innstraminga velkommen.

- Det virkar ganske smålig å nekta dei tilsette eit glas vin og to til ribba eller pinnekjøtet. Det vil ikkje gjera det enklare for den nye kommunen å konkurrera med næringslivet om dei tilsette. Dette høyres merkeleg ut for meg, seier Mats Danielsen, Frp-politikar i «gamle Stavanger kommune».