Ikkje alt er på stell i byen heller. Her frå siste kommunestyremøtet.

Den nye kommunen blir ikkje etablert før ved årsskiftet, men likevel må det kunna seiast at opptakten er lite lovande. Dei levande grøne øyane, som dei likar å kalla seg, er blitt overkjørt i sak etter sak.,

Fritak for eigedomsskatt blei det ikkje noko av. Alle må betala. Å få Stavanger med på å betala gang og sykkelvegen på Finnøy gjekk heller ikkje. Sannsynlegvis blir det bompengane frå Finnfast som må ta brorparten, sjølv om det skal gjerast nye framstøytar både overfor Stavanger og fylket.

Øyremerking av pengar frå Havbruksfondet til Øyfast fall også på steingrunn. Ap har inntatt den haldninga at dette er pengar som tilhøyrer heile den nye kommunen.

Øya-benken har vore splitta og lojaliteten til partiet har gått framfor lojaliteten til øyane. Det politiske gjennomslaget til våre lokale representantar er heller ikkje overbevisande.

Debatten i kommunestyret i Stavanger måndag om budsjettet var også urovekkjande. Det var klima, eldrepolitikk og gratis skulemat over ein låg sko. Dei storslåtte visjonane frå opptakten til den nye storkommunen var heilt borte. For ein øypolitikar må budsjettdebatten ha vore nedslåande.

Dei lokale politikarane bør nå kanskje gå i tenkeboksen og spørja seg korleis dei best kan gripa saka an i det nye året. Særleg kviler det eit stort ansvar på dei som er i posisjon.

Det er for tidleg å dømma den nye storkommunen nord og ned etter bare nokre veker. Dette er eit langsiktig prosjekt, men det er sterkt å ønskja at fortsettinga blir betre enn starten. Samanslåing av kommunar var i første rekke eit Høyre-prosjekt, og det i rød-grøne fleirtalet må visa at dei får dette like godt til som om nye Stavanger var blitt styrt av ein ordførar frå Høyre.