Den nye høgspentkabelen skal gå under fjorden frå Hjelmeland til Ombo.

STAVANGER:

Stavanger og Hjelmeland er nå enige om det økonomiske oppgjeret for Ombo. Som Øyposten tidlegare har meldt er Stavanger villig til å gi frå seg ein del av inntektene som kommunen får frå tre oppdrettsanlegg utfor Ombo til Hjelmeland.,

Avtalen om dette gjeld i fem år, og medfører at Hjelmeland får 14 prosent av inntektene frå havbruksfondet for anlegget i Kjeahola, 57 prosent av inntektene frå anlegget i Longavik og 100 prosent av inntekta frå anlegget ved Saltskjæret. Avtalen gjeld fram til 31.12. 2014.

Dessutan er Stavanger villig til å betala ut Hjelmeland sin del av investeringa i oppvekstsenteret i Eidsund, viss dette blir seld til andre formål enn det blir brukt til i dag. Hjelmeland forpliktar seg også til ikkje å kreva kompenasjasjon eller erstatnming ut over dette.

Ordførar Bjørn Laugaland vil overfor Øyposten ikkje anslå kor mykje avtalen er verd i kroner og øre.

-Det er umulig å seia. Den nye avtalen for Havbruksfondet er mykje dårlegare enn den gamle, det er både Stavanger og Hjelmeland og andre kystkopmmunar enige om, seier Laugaland.