Det vil bli mange nye attaraksjonar i sentrum når den nye sentrumsplanen er klar. Illustrasjon: Fylke Næringshage

No skal me sjå litt nærmare på kva for kriterier det er lagt vekt på i utarbeidinga av den nye sentrumsplanen som skal gjera Judaberg attraktivt for fastbuande, hyttefolk, næringsliv og turisme.,

Det er Tove Sivertsen og Tolli Frestad i Ryfylke Næringshage som har leia prosjektet, og utarbeida ein omfattande prosjektrapport.

Judaberg sentrum er kommunedelssenteret og eit viktig knutepunkt for øyane i Ryfylke. All båt -og biltrafikk frå regionen, samt til dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy, går via Judaberg. Nettopp difor er det ynskjeleg å oppgradera sentrum ein triveleg og teneleg tettstad.

  • For sjølv om Judaberg er ei viktig sentrum, betyr det ikkje at det er eit godt sentrum der folk har lyst å opphalda seg lenge. Judaberg har mange grunnleggande, gode ting på plass, men det er og ein del ting som med fordel kan endras og bli betre. Hjartet i sentrum er parkeringsplassen utanfor Coop. Bør det vera slik? Sentrum slik det framstår i dag opplevast gjerne som fragmentert, litt tilfeldig og lite planmessig. Nokre stader er det lite fint og svært tilrettelagt for bil, samstundes som delar av Judaberg er ei perle, står det i innleinga av rapporten.

Vidare står det å lesa at 10 ting, slik som reise, jobb, bu, handel, skule, service -og helsetilbod, leikeplassar, møteplassar og opplevingar er viktige brikker i eit godt sentrum, og er brukt som utgangspunkt for ein god diskusjon rundt planen.

Med dette som bakteppe blei det neste steget å sjå på kva me har på Judaberg.

Kva treng me?

Kva vil me ha?,Kva må me styrke?,Kva drøymer me om?,Kva er viktig for framtida?

I tillegg til punkta som er peika på her, blei det i fjor haust arrangert ein workshop på Utsyn. 38 deltakarar frå heile Finnøy, inkludert næringsliv, politikarar og grendalag, deltok og fekk lufta tankar og idear. Deltakarane blei delt inn i seks grupper og fekk fylgjande spørsmål:

Kva skal til for at du trives betre i Judaberg sentrum?,2. Kor er hjarte i Judaberg sentrum? Kor bør det ligga og kva bør det tilby?,3. Korleis kan Judaberg sentrum bli ein meir spennande turistdestinasjon?,4. Kva må tilretteleggast for å auka næringsutviklinga i sentrum?,5. Korleis kan Judaberg sentrum få auka fokus på folkehelse ved utvikling av sosiale møtestader?,6. Kva for service - og handelsfunksjonar bør Judaberg sentrum tilby?, Korleis kan me synleggjer og ta vare på kulturarv og kulturmiljø?

Svara på spørsmåla som er nemnt ovanfor skal vera med i arbeidsprosessen fram imot eit finare Judaberg. Eit sentrum som er betre tilpassa dagens, og framtidige behov. Korleis det er mogleg å gjera Judaberg meir attraktivt som destinasjon, møteplass, og ikkje minst for næringslivet ved å sikra/få fleire arbeidsplassar, og kva er det som skal til for at fleire ynskjer å busetta seg her.

For å få endå fleire gode innspel  i jobben med rapporten har Sivertsen og Frestad besøkt fleire stader i Norge, blant anna har dei vore i Svolvær, Åndalsnes, Alvdal, Sauda, Asker, Hjelmeland, Bud, Sokndal Ålgård og Østersund i Sverige.