Sokneprest Tor Egil Eriksen fekk eit bilete i gåve frå sokneråda i Finnøy. Foto: Heidi Bø Sangedal

Etter den ordinære gudstenesta samla kyrkjelyden seg for å ta farvel med Eriksen. Samværet vart leia av Dorrit Vignes, leiar i Hesby sokneråd, som også avslutta samlinga med ein vakker velsingningssong  song til presten. Fleire av dei frammøtte nytta høve til å takka han for tida i Finnøy, og sendte med han fine ord på vegen vidare. Blant anna prosten i Tungenes prosti Thomas Røsbakk, Heidi Bø Sangedal på vegne av kyrkjene i Finnøy, kollega Terje Engstrøm, tidlegare leiar i fellesrådet Torstein Kandal og Espen Idsøe.

- Eg er takksam for tida her, og for at eg har fått tent på øyane i Finnøy, det har eg opplevd som givande og meiningsfullt. Eg har møtte mange kjekke folk og bygd nye relasjonar, seier Eriksen.

Frå dei tre sokneråda i Finnøy fekk Eriksen overrekt eit bilete «Steg for steg,» laga av kunstnaren Bjørn Eriksen frå Fogn.

Om vel ei veke byrjar han i ny stilling som sokneprest Tysvær og Bokn. Det er av omsyn til familielivet han no vel å slutta i Finnøy.

Tor Egil Eriksen kom til Finnøy hausten 2017 etter 11 år i Rossabø kyrkjelyd.