Tor Øyvind Skeiseid og Silje Vignes Flesjå i Tomatfestivalen. (Foto: Halvard Bøe)

-Me var komne langt i planlegginga, og det er difor leitt at det ikkje blir nokon festival i år. Men på grunn av korona-situasjonen og smittereglane kunne me ikkje gjennomføra festivalen, seier koordinator for Tomatfestivalen, Silje Flesjå til Øyposten.,

Årets festival villle vore den 18. i rekkja, og skulle etter planen gått av stabelen 20.-23. august. Ordførar Kari Nessa Nordtun hadde sagt ja til å åpna festivalen, presis klokka 20.20 den 20. august 2020.  Årets hovedgjest var Dag Otto Lauritzen, sykkelkonge og tv-kjendis.

-  Me  hadde lagt opp til eit godt og innhaldsrikt program.  Nå må me i staden retta blikket mot neste år, og setja alle klutar til for å koma sterkt tilbake då. Då skal det bli tidenes festival, lovar Silje Flesjå.

Stavanger kommune hadde sagt ja til å gå inn med 170.000 kroner i støtte til festivalen, og også Ryfylkefondet ville støtta årets festival med 25.000. Begge har gitt beskjed om at pengane kjem inn på konto likevel, sjølv om årets festival blir avlyst.

-Det er til stor hjelp for oss. Det betyr at me kan begynna planlegginga av neste års festival utan økonomisk minus i rekneskapen, seier Flesjå.

Neste års festival er planlagt til 19.-22. august 2021.