-Flott at regjeringa viser at ho bryr seg om oss, seier Jon Olav Runestad.

VEKSTHUS:

-Det mest gledelege i dette er at regjeringa viser at den bryr seg om veksthusnæringa, legg han til.

Ifølge Runestad vil ordninga først og fremst hjelpa større gartneri som har installert lys.

-For mindre gartneri er det først og fremst gassprisane som avgjer, og korleis den utviklar seg framover er svært usikkert. Den har også vore skyhøg. Men det hjelper godt at distrikts- og kvalitetstilskotet er blitt auka ein god del, og dessutan kan me rekna med høgare prisar på produkta våre neste sesong. For energiprisane er høge også i utlandet, noko som truleg vil gi høgare importprisar. Men det vil igjen gå ut over forbrukarane, påpeikar Runestad.

Den nye ordninga skal være søknadsbasert, og skal gjelde for perioden desember 2021 til mars 2022.

– Regjeringa har tatt innspela frå bransjen på stort alvor og har dei siste vekene jobba fram ei ny og særskilt kompensasjonsordning for veksthusnæringa. Eg er glad for at me har fått på plass ei slik ordning som hjelper veksthusnæringa i ein vanskelig situasjon, seier landbruks- og matminister Sandra Borch i ei pressemelding.

Denne ordninga er ikkje en del av enigheten mellom regjeringspartia og SV, og må dermed behandlast av Stortinget først.

Gartnar Jan Terje Vignes på Finnøy er glad for at regjeringa gjer noko for gartnerinæringa.

-Det er veldig bra at det endeleg skjer noko. Det vil hjelpa, men prisane på elektrisk kraft har auka mange hundre prosent, og er så skyhøge at sjølv med denne ordninga vil næringa slita svært tungt, seier Vignes.

Også han peikar på at kompensasjonsordninga i første rekke gjeld for større gartneri som har installert lys. Men dei fleste mindre gartneria har først og fremst gass som energikjelde.

-Gassprisane har gått heilt bananas. På ti dagar har prisen auka med 50 øre pluss påslag, og er fredag oppe i rekordhøge 1,55 kroner per kilowatt. Kompensasjonsordninga omfattar ikkje dette, og det er også vanskelegare å løysa. Men me må jobba vidare med Lyse for å prøva å få til ei ordning, seier Jan Terje Vignes.