Tunnelvask og kolonnekøyring i Rennfast frå neste veke

Fleire tunnelar i Stavanger blir vaska i desse vekene. Neste veke står Byfjord- og Mastrafjordtunnelen for tur.

Tunnelane skal vaskas. Arkivfoto frå Finnfast.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Arbeidet gjennomføres rundt den tida på døgnet kor det pleier å vera minst trafikk, oftest på kveld- og nattestid.,

Vaskinga i Eiganes- og Hundvågtunnelen starta i veke 46 og fortsett i veke 47. Arbeidet føregår på kvardagar mellom klokka 22.00-06.00. Unntaket er mellom Buøy og Lunde, kor tunnelvasken vil skje i tidsrommet klokken 20.00-06.00.

Tunnelløp i éin retning blir stengd i ein av tunnelane mens jobben pågår, og det blir då omkøyring på staden.

Reinhaldet omfattar vegbane og sideareal, samt sideplassert og overhengende teknisk utstyr og installasjoner.

Rennfast-tunnelane

Neste på lista er Byfjord- og Mastrafjordtunnelen, frå og med veke 48. Arbeidet startar normalt klokka 22.00, med unntak av oppstart søndagsnatt til mandag klokka 00.00.

Byfjordtunnelen blir tatt først, deretter startar arbeidet i Mastrafjordtunnelen. Her blir det kolonnekøyring etter same mønster.

Kolonna skal køyre kontinuerlig. Buss i rute og dyretransport får passera utan leiebil, etter dialog med dirigent.

Til slutt er det Ryfylketunnelen, den blir vaska i veke 50. Arbeidet der vil føregå mellom klokka 20.00-05.00 søndag til fredag.

Omlegging av trafikk vil normalt ta mellom 15-30 minutter ved start og slutt, kvar natt. Når det eine tunneløpet er stengd, vil det vera tovegstrafikk i det andre.

Publisert: