Innsamlingsleiar Bjørg Vestbø i Rennesøy er nøgd med innsamlinga sundag. Foto: Privat.

RENNESØY/FINNØY:

Meir enn 70 bøsseberarar i Rennesøy er klare på sundag. Tradisjonen tru er det føresette og elevar i 5. klasse på Vikevåg og Mosterøy skule, som skal banka på dørene under TV-aksjonen.,

I motsetning til i fjor blir innsamlinga til TV-aksjonen i år ein tradisjonell dør til dør aksjon med bøsser, kombinert med digitale løysingar. I tillegg til å gi kontantar, er det fullt mogleg å bruka Vipps når bøsseberarane kjem på døra.

- Eg har oppmodar alle til å ta ut kontantar. Det er så mykje kjekkare for elevane å sjå klingande mynt gå i bøssa, heller enn eit tastetrykk på telefonen, smiler leiar for TV-aksjonen i Rennesøy, Bjørg Vestbø.

Til saman har Vestbø og hennar innsamlingsteam 73 bøsseberar som skal i aksjon.

Fullt så heldige er dei ikkje i Finnøy, men innsamlingsansvarlege Ottar Sandanger og Svein Terje Imsland er likevel ikkje bekymra for at ikkje alle skal få besøk på sundag.

- Me har minst 70 bøsser, men manglar framleis fleire bøsseberarar på sjølve Finnøy. Alle dei andre øyane er dekka opp, men det er ennå nokre dagar igjen, så det kan fort ordna seg. Målet vårt er at alle husstandane skal få besøk på sundag, og det trur eg me skal klara, seier Sandanger, som på det sterkaste vil oppmoda folk som kan tenka seg å gjera ein innsats, ta kontakt.

- Det er litt vanskeleg å forstå at det skal vera så utfordrande å få nok bøsseberar på Finnøy, her som dugnadsånda lever i beste velgåande. Dette er jo dugnad i aller høgste grad, seier Imsland.

I 2019 samla 5.klassingane på Rennesøy inn rundt 130 000 kroner, medan det blei betydeleg mindre i fjor på grunn av koronaen.

- Me trur me er tilbake til eit «normalår» i år, og satsar blant anna sterkt på bilistane som står i ferjekø på Mortavika, fortel Vestbø.

Midla frå TV-aksjonen går til Plan sitt arbeid for å bekjempa barneekteskap.