Bjørn Axel Aunan (f.v.), Terje Bergsagel, Arne Geir Steinsland og Hege Lalid frå Austre Åmøy på kommunedelsutvalet i oktober.

RENNESØY:

Politikar Jostein Eiane fremma på vegne av KrF og Venstre eit forslag, for ei meir grundig avklaring vedrørande dei gamle kommunale bygga på Austre Åmøy. Deriblant grendahuset.,

Kommunedirektøren anbefalte nyleg at det gamle skulebygget, som i dag brukes til grendahus, rives eller avhendes.

– Å bruka fleire millionar kroner på å «forlata» bygda er ein veldig dårleg strategi for ein kommune i forhold til å skapa ei framtid for innbyggarane der, sa Eiane på Rennesøy kommunedelsutval tirsdag.

https://www.oyposten.no/2021/10/01/stavanger-kommune-anbefaler-at-grendahuset-rives-velforeninga-fortviler/

Dårleg forfatning

I sitt forslag peiker Jostein Eiane på at det uansett vil vera vesentlege kostnadar knytta til riving av gamle bygg.

«Det er avgjerande at kommunen bruker midlane på å gjere framtida betre, framfor ein prosess der bygda berre står att med tap av møteplassar», skriver KrF-politikaren.

Han foreslår at ei planavklaring må gjeras med omsyn til desse faktorane: Bygda sitt behov for ein treffstad, b

ehov for tilrettelegging med toalett og snuplass/parkering for buss knytt til helleristingsfeltet, l

eikeplass og stad for ballspel sentralt i bygda, og g

ang- og sykkelsti.

Forslaget til KrF og Venstre blei einstemmig vedtatt i Rennesøy kommunedelsutval tirsdag.

I eit saksframlegg, signert Leidulf Skjørestad, direktør for bymiljø og utbygging, står det blant anna:

«Den gamle skulen er av så dårleg forfatning at det kan vera ein risiko for å la folk opphalde

seg i desse lokala. Som bygningseigar kan kommunen ikkje påta seg dette HMS-ansvaret,utan at bygninga settes i forsvarleg stand. Ei totalrehabilitering av dette bygget vil kosta ca.,5,5 millionar kroner.»

Glad for støtta

Velforeininga og andre engasjerte på Austre Åmøy er ueinige, når det gjeld det gamle skulebygget. Dei meiner at bygget er brukbart for dagens formål, nemleg som eit grendahus.

Det var fleire ildsjelar frå bygda på plass under møtet tirsdag. Dei er glad for at dei no har lokalpolitikarane si fulle støtte.

– Dei har vore veldig velvillige til å høyre og har gjort eit stykke arbeid det står respekt av. Me vil ikkje kritisera dei, me veit at ting tar tid. No er det endeleg komme gjennom, at dei forstår kva dette dreier seg om, seier austrebuen Bjørn Axel Aunan til Øyposten.

– Det er meir ein kritikk til administrasjonen i korleis dei bringer saken på banen, fortel han.

Saka skal opp i Utvalg for miljø og utbygging den 20. oktober.