Den 24. november i fjor vart nemleg det flunkande nye skyteanlegget til Finnøy Skyttarlag offisielt opna til ein kostnad på 6,5 millionar kroner. I desse dagar er også det flotte og prangande nye klubbhuset til Finnøy Idrettslag på Leikvoll i ferd med å bli ferdigstilt til ein kostand på om lag 10,5 millionar kroner. Begge desse anlegga er bygd og eigd av frivillegheita, representert ved skyttarlaget og idrettslaget. Og som om ikkje det var nok, så blei denne veka også det nye "FriFot"- og uteanlegget ved Sjernarøy Oppvekstsenter offisielt opna. Då til ein kostnad på om lag 2,5 millionar kroner. Når både spelemidlar, momskompensasjon, dugnad og ikkje minst ei unik støtte frå det lokale næringslivet til anlegga på Finnøy er rekna inn, er det kommunale bidraget til desse flotte aktivitets- og idrettsanlegga på i underkant av 3 millionar kroner. I både Stavanger og Rennesøy er det kommunen som i all hovudsak eig og driftar idrettsanlegga.,

                                    1,6 millionar frå lokalt næringsliv

Oppe i 2.etasje i det nye klubbhuset på Leikvoll, er leiar av byggekomiteen Erling Bleie og styreleiar i idrettslaget Bendik Hegglund, i ferd med å konstatera at byggearbeidet er inne i sluttfasen og skal ferdigstillast. I månadsskifte januar-februar er det duka for både storslått åpningsfest av praktbygget, og til 75-års jubileumsfest for den desidert største frivillege organisasjonen i nåverande Finnøy kommune.

Og jubilanten har verkeleg grunn til å slå seg på brystet og feira at dei rundar dei 75. For knapt nokon gong har betalande medlemer i laget vore høgare, og mangfaldet og aktiviteten i laget vore større, fortel styreleiar Hegglund.,Med hard jobbing for å rekruttera både nye trenar og leiarar, blomstrar no både barneidretten, turnen og volleyballen i regi av idrettslaget i Fleirbrukshallen som aldri før. Så sjølv om det nye klubbhuset ligg i tilknytning til dei to kunstgrasbanane på Leikvoll, der fotballaktiviteten i all hovudsak er lokalisert, skal det nye klubbhuset vera klubbhuset for HEILE idrettslaget, poengterer Bendik. Eit klubbhus som no får fasilitetar som berre eit fåtal i heile Nye Stavanger kommune er forunnt og berre kan drøyma om....,Hemmelegheita ligg i at me eig anlegget sjølv og kan dra nytte både av eit svært imøtekomande næringsliv, stor dugnadsvilje, og ein klubb som har vore svært forsiktig i bruken av pengar. For trass i ei investering på 4,5 millionar i ny kunstgrasbane for vel fem år sidan, var laget gjeldfritt og kunne leggja ein liten eigenkapital i botnen når dei skulle leggja finansieringsplanen for det nye klubbhuset.,-Me hadde i utgangspunkt ei økonomisk ramme på 9,5 millionar kroner, men med ein auke i sponsorbidraget, som i utgangspunktet var kalkulert til 1 million kroner, men blei på til 1,6 millionar når sluttstrek vart sett, så kunne me "flotta oss litt", smiler leiar av byggenemda Erling Bleie. Og den tidlegare leiaren av laget og mangårig distriktsveterinær i Finnøy, har så visst bevist at han kan styra økonomien både i idrettslaget og i prosjektet nytt klubbhus på Leikvoll.,-Når sluttstrek skal setjast, er målet å ha eit lån på 1, 6 millionar kroner som me skal betjena. legg formann Hegglund til.- Og med utsikter til at me i den nye kommunen også slepp å betala leige i Fleirbrukshallen , så skal dette gå veldig bra. Ei leige som i dag utgjer 120 000 kroner årleg, er jo ikkje meir enn det det årleg vil kosta oss å betjena dette lånet, slår han fast.

Sponsorane får rom oppkalla etter seg

Hegglund og Bleie opnar glasdøra som går ut til den store terrassen i 2. etasje på bygget. Både herifrå og innanfor, i "Falkeid Shipping Hall", har ein panoramautsikt utover heile anlegget på Leikvoll. Der kan ein fylgje med på all fotballaktivitet ute på dei to kunstgrasbanane som er bygd dei siste 12 åra.- Det er det lokale selskapet "Falkeid Shipping" som har sponsa den store, lyse og flotte salen med 180 gr. utsikt både ned mot fylkesvegen og over heile fotballanlegget .

-Dei har faktisk gitt heile 400 000 kroner til bygget, så difor får dei også festsalen oppkalla etter seg, smiler Bendik.,-Og det same gjer dei andre tunge sponsorane frå det lokale og regionalt næringsliv som bidreg, er Erling rask med å leggja til. Han fortel at opphaldsrommet og inngangshallen nede, som i utgangspunktet alltid skal vera open i samband med kampar og trening, om det i praksis let seg gjera, vil bli oppkalla etter COOP Finnøy som også har gitt eit sekssifra beløp i støtte til bygget. På same planet, og i tilknytning til "Coop Finnøy Hall", vil også "Grieg-kiosken" vera open når ein finn grunnlag for det.

-Og når spelarane skal inn i garderobane for å skifta til kamp og trening, vil dei kunne bruka to heilt nye garderobar, i tillegg til  to nyrenoverte garderobar frå det tidlegare garderobebygget som no også ligg under same tak.

- Då kan du velja om du vil bruka garderobane til "Hjelmeland Sparebank", oppdrettsselskapet "Mowi", "Gard Maskin" eller "Bremnes Seashore" som også har bidrege med solide beløp til bygget, fortel Bleie.,Og som om ikkje dette var nok, så har også "Sparebankstiftelsen Sr-Bank" bidrege med heile 250 000 kroner. Men dei var berre oppteken av å få heiderleg omtale, og det bidreg me med her og no, smiler dei begge og ser bort på journalisten i lokalavisa i von om at også dette kjem på trykk.,-Dermed er me oppe i heile 1,6 millionar kroner berre i sponsorstøtte, fortel leiar Hegglund Han kan ikkje få skryta nok over den velviljen idrettslaget har møtt frå det lokale og regionale næringslivet.,-Det gjer oss i stand til framleis å retta fokuset på det idrettslaget eigentleg skal driva med, nemleg å gi eit breitt idrettstilbod til barn og unge i alle aldrar på og i Finnøy, poengterer Hegglund. Han lovar ein skikkelg jubileums- og opningsfest i det nye praktbygget på Leikvoll ein gong utpå nyåret.

-Og no høyrer både Finnøy IL og heile Finnøy kommune heime i toppdivisjonen når det gjeld idrettsanlegg. Det er godt å ta med seg inn i den nye storkommunen. Difor var det også viktig å få dette på plass før Finnøy kommune blei historie, avsluttar idrettslagleiaren.