Judaberg midnatt, nyttårsafta. 2020. Kanskje blir det like fint komande nyttår.

Stavanger kommune tok på seg spanderbuksene og kosta det flotte fyrverkeriet, for å markera at Finnøy, Rennesøy og Stavanger gjekk saman i ein kommune. Det blei ei markering som passa seg ei så historisk storhending.,

Nå er Finnøy og Rennesøy gått frå å vera sjølvstendige kommunar til å bli kommunedelar i Stavanger, på lik linje med Madla, Hundvåg, Hillevåg og dei andre tidlegare bydelane.

Det vil difor vera rart viss kommunen skal spandera felles fyrverkeri i kommunedelane i Stavanger, men ikkje på øyane. Bakgrunnen for at det er satsa på felles fyrverkeri både i Stavanger, og etter kvart mange stader på Jæren, er ynskjet om å få bukt med dei mange ulykkene som privat oppskyting fører med seg.

Me går ut frå at eit skada auga eller ein nedbrunnen heim, er like ille på øyane som i Stavanger.

Det kan sjølvsagt argumenterast med at det er meiningslaust å sløsa bort så mykje pengar på nyttårsfyrverkeri. Oppskytinga nyttårsafta på Judaberg og Vikevåg kosta skattebetalarane til saman 250.000 kroner.

Men det er å sjå bort frå at fyrverkeri eksisterer, uansett. Då er det betre å få det inn i organiserte former, og heller tenkja på eit forbud mot salg av privat fyrverkeri. I Tyskland er dette innført, både for å redusera luftforureininga og skåna dyrelivet.

Før den innstraminga som det etter kvart er blitt i salet av fyrverkeri, pågjekk gjerne oppskytinga i mange dagar. Det er det heldigvis slutt på.

I forslaget til budsjett for den nye kommunen var det tatt med felles fyrverkeri i åra framover også på Judaberg og i Vikevåg. Men posten blei stroken for å spara pengar. Det er å gjera seg til fant for smular.

Vår spådom er at dette er pengar som kjem på plass igjen i neste budsjettrunde. Stavanger var ein pioner på dette området også, og det er ingen grunn til å utelata dei nye kommunedelane frå ein traddisjon som folk kan samla seg om og ha det hyggeleg med i trygge former.