Finnøy og Mastra har spela i kvar sin divisjon frå 2012 og heilt fram til årets fotballsesong,då med Mastra på eit høgare nivå i 5. divisjon. Av den grunn har heller ikkje dei to rivalene møtt kvarandre i obligatoriske kampar i seriespel på fleire år.,

Og heilt sidan Rennesøy og Mosterøy slo seg saman til Masta IL i 2003,er det nok klubben lenger sør i det som frå årsskifte blir ein ny bydel i Stavanger, som har gått sigrande ut av dei fleste oppgjerda på fotballbanen på A - lagsnivå.

Sjølv om Finnøy vant ein fullt fortent siger i naboppgjerdet på Leikvoll, må ein heilt tilbake til 2007 og 2004 for å finna siste gongen finnøybuen banka rennesøybuen på fotballbanen.I fylgje «nestor og Mr.Mastra»Jostein Haugvaldstad, vann Finnøy 5-4 i ein hengekamp seint på hausten i 2007, etter at Mastra var klar for opprykk til 5. Divisjon.

I 2004 knuste den gode-74 generasjonen til Finnøy naboane heile 7-1 i vårkampen heime på Leikvoll, og låg den gong heilt i toppen av 5. Divisjon.Difor var sigeren på Leikvoll no på lørdag berre den 3. sigeren til Finnøy etter at klubben Mastra blei oppretta .Om Finnøy i løpet av hausten også legg naboane i Rennesøy bak seg på tabellen når status skal gjerast opp, så kan ein i det minste kalla seg for storebror mellom dei to rivalane  i fotballsesongen 2019.