«Tøffe duellar som er eit lokaloppgjer verdig»

Torjus Halsne scora to av måla då Finnøy banka Mastra på laurdag.

|
  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Med den sigeren tok Finnøy eit langt steg bort frå kampen heilt i botnen av tabellen i avdeling 3, der tabellen no ser slik ut:,

Mastra: 14 poeng

Vardeneset 2: 13 poeng

Buøy: 11 poeng

Finnøy: 11 poeng

Randaberg2: 5 poeng

Kvitsøy: 3 poeng

Men Torjus Halsne og dei andre i FIL-miljøet vil ikkje sjå oppover på tabellen:

- Nei, det skal me vera veldig forsiktige med. Prestasjonane og resultata varierer mykje i denne divisjonen.

- Korleis vil du oppsummera kampen mot Mastra?

- Det var ein interessant kamp, med slike duellar som er eit lokalderby verdig. Eg synest me spela betre i andre omgang. Sjølv om me fekk to mål i fleisen og Mastra utlikna, så trør me til og fekk samla oss til å vinna. Det var positivt.

- Måla dine?

- Det første var jo ferdigscora, og på det andre fekk eg ei fin pasning.

- Men du måtte presse fram en feil av ein midtstoppar, og så ein feil hos keeper…?

- Ja, ein kan vinne mykje på å ta løpet heilt ut. Eg har hurtigheit og likar å kriga.

- Betyr denne sigeren meir enn dei tre poenga?

- Den betyr alt for ein som har jobben sin i Rennesøy!!

Dei neste kampane til Finnøy:

0509: Stavanger (B)

1209: Tasta (H)

1909: Buøy (B)

3009: Vardeneset 2 (H)

0410: Bogafjell (B)

Publisert: