Rygjabø Mathus har vore på planleggingsstadiet lenge, utan å komma vidare. Ideen blei unnfanga allereie då Rygjabø var vidaregåande skule, og hadde tilbod om matfagutdanning. Tanken på å kunne nytta lokalar, utstyr og kompetanse til å få auka kunnskap om foredling og distribusjon av lokalmat var det som skulle driva prosjektet framover. Men ei rekke utfordringar undervegs har gjort at prosjektet har ligge nede ei lang stund. Fyrst var tanken å starta opp på gamle Rygjabø, men som kjent brann skulen ned. Etterpå vart det jobba med å komma i gang i Rygjabø sine lokalar i Judaberg, men heller ikkje det førte fram.,

Nyleg er det avslutta ein moglegheitsanalyse som fylkeskommunen har finansiert, der målet var å kartleggja kor vidt det er liv laga for eit Mathus, og eventuelt i kva form. Mange lokalmatprodusentar har blitt intervjua, og det er klart kva for produksjonar som kan vera aktuelle.

I resultata frå analysen vert det konkludert med at Ryfylke Næringshage bør søka om ein større moglegheitsstudie for eit blågrønt senter på Judaberg, der Mathuset er eit viktig element i dette.

Det er Ryfylke Næringshage som har hand om Mathus-prosjektet.