Innan to år skal vegstrekket mellom sentrum og sjukeheimen bli oppgradert med nytt fortau. Foto: Oddbjørg Måland.

Som eit trafikktryggleikstiltak skal kommunen skal nå laga nytt fortau langs Vikevågvegen mellom sjukeheimen i Prestvågen og Vikevåg sentrum.,

Til saman 470 meter fortau med 2,5 meters breidde betyr utviding av vegarealet også inngrep av fleire av eigedomane langs traseen, men dette er avklart med grunneigarane. Prosjektet skal gjennomførast i løpet 2021- 2022, og er kostnadsrekna til rundt 5,2 millionar kroner. Direktør Leidulf Skjørestad anbefaler at prosjektet vert fullfinansiert gjennom årsprogrammet for Park og vei 2021.

Vikevågvegen er åtkomst for mange trafikkgrupper til eigedommane i området, samt til dei kommunale tilboda i Prestvågen. Bussforbindelse ut av området er i Vikevåg sentrum. Besøkande til sjukeheimen som kjem med buss vil difor vera fotgjengarar langs denne delen av Vikevågvegen. Med nytt fortau vil trafikksituasjonen i området bli meir oversiktleg, og såleis redusera risikoen for at ulukker vil skje.