Montør Kåre Voll koplar saman fibertrådane på Måløy. -Ein fin jobb, men det har vore ganske kaldt tidlegare, seier han.|Når kan også Åge Andersen på garden Indre Bokn på Sør-Bokn gleda seg over kjapt internett etter at han fekk fiber for nokre veker sidan.|||-Ein ny verden, synes Tor Espeland om fiber til Måløy.

MÅLØY:

Det er Lyse som tar rekninga for å leggja fiber til Fisterøyane, mens montørselskapet OneCo står for det praktiske arbeidet.,

-Det er ein omfattande og komplisert jobb, og er ganske ulik det me pleier å gjera. Mange sjøkablar og mykje ulendt terreng. Me måtte til og med ha ein bil ute på ein båt for å blåsa fiber, seier prosjektleiar Richard Bjerga i Lyse til Øyposten.

-Ein ny verden, synes Tor Espeland om fiber til Måløy.

Ifølge Bjerga vil arbeidet i fisterøyane truleg vera ferdig i løpet av året. Forbindelsen får dei via Fogn.

-30 hytter og fastbuande har til nå sagt dei vil knytta seg til. Det hjar vore ganske bra interesse på Sør-Bokn og nesten alle på Måløy, så me er godt fornøyd med interessa, seier Bjerga.

Standardprisen for å knytta seg til er i underknat av eit par tusen kroner.

Fotograf Tor Espeland på Måløy lovprisar fibersatsinga.

-Det er som ein ny verden, seier han.

-Før kunne eg kvila middag før ei litt omfattande sending gjekk gjennom. Det var med det gamle telefonnettet. Nå seier det bare smokk så er det gjort, då er det ingen problem med å bu på Måløy lenger, seier Espeland.

-