Peder Bergøy, Bjarte Austbø og Odd Bergøy syt for at straumgatene til ei kvar tid er reine for vegetasjon. Foto: Oddbjørg Måland|Han har godt handlag med motorsaga, Odd Bergøy

FOGN:

Under høgspentlinjene på Stavnes på Fogn blir store og små tre og felt raskt og systematisk. I rekordfart er ei stripe med kratt og skog langs bekken rydda rein.  Området som skal ryddast under straumlinjene har i ein distanse på rundt 2- 3 kilometer i luftlinje.,

- Me har jo helde på med dette nokre år, og veit kva det går i. For eigen del nærmar det seg rundt 20 år. Eg byrja då Lyse slutta å bruka eigne folk på skogrydding, fortel Bjarte Austbø.

God kondis

Det er mykje rå muskelkraft i sving når store tre skal flyttast rundt i ulendt terreng og etterpå stablast i haugar. Å vera linjeryddar er ikkje for pingler.

Han har godt handlag med motorsaga, Odd Bergøy. Foto: Oddbjørg Måland

- Hardt fysisk arbeid er berre ein fordel. Skogsarbeid er ein ypparleg måte å halda seg i form på. Det kjennes godt å få bruka alle dei store musklane, og er bra for kondisen. Det er ikkje så verst å bruka arbeidsdagen ute i naturen heller, seier Bjarte.

Saman med Peder Bergøy, Odd Bergøy og Magne Eggebø er dei Lyse sine linjeryddarar i Finnøy. Det er deira ansvar å sikra straumforsyninga til kundane ved å halda nede vegetasjonen under og rundt straumlinjene, og at jobben blir utført på ein trygg og sikker måte. Det er ikkje heilt ufarleg å baska med store tre, difor held dei godt rede på tryggleiken.  Før jobben byrjar har dei gjennomgått ei risikovurdering av oppdraget i fellesskap.

- Det er aldri lov å vera berre ein på jobb. Alltid minst to i saman, uansett kor stor eller liten jobben er.

Attåtnæring

Det er helst på hausten og vinteren, når det ikkje er lauv på trea, dei driv med skogryddingsoppdrag.

- Det passar oss gardbrukarar perfekt. Vinteren er ei rolegare tid kor mange har litt tid til overs, og då er det kjekt å kunne gjera andre ting i tillegg. Det blir ei lita attåtnæring til gardsdrifta, fortel Odd.

- Kor mykje tid går med til skogrydding?

- Det varierer ifrå år til år. Men skal eg gjetta så kanskje to dagar i veka i snitt i perioden. Det har rett nok vore mindre oppdrag i år enn i fjor. Me fire leiger oss ut til Lloyd Vaule som jobbar på oppdrag ifrå Lyse. Området vårt er gamle Finnøy kommune, minus Ombo som har eigne linjeryddarar. Hadde det ikkje vore for Fogn og Sjernarøyane, som framleis har ein del luftspenn, hadde det mest ikkje vore behov for oss. På Finnøy er det meste av straumledningar allereie lagt i bakken. Det er ein meir driftsikker metode og mindre sårbar i forhold til vind og vêr, fortel Peder.

Hard HMS

Både høgspentlinjer og lågspentlinjer skal haldast frie for alt som kan detta ned på linjene og forårsaka straumbrot. Regelverket seier at høgspentlinjene skal ryddast kvart femte år, og dei andre etter behov. Det skal vera ei open «gate» på tre meter på kvar side av dei ytterste straumlinjene.

- Me ser det litt an. Det kjem an på korleis voksteren er. Det er ikkje nødvendig å rydda før det er det, seier Bjarte.

Så snart trea er felte, blir dei kvista og lagde fint i ein haug.

- Det er best å jobba når det er orden rundt oss, difor legg me tre og greiner i same retning. Det skjer aldri at me går ifrå ein jobb utan å rydda etter oss. Grunneigaren skal ikkje ha ulemper i samband med linjerydding. Det er også han som eig trevirket som blir felt. Det viktigaste er at dei me jobbar for skal vera nøgde, og at ingen blir skada. Men i omvendt rekkefølgje, sjølvsagt, avsluttar skogsarbeidarane.