FINNØY: Det er den relativt ferske leiaren av det mest like ferske og nye grendalaget på Finnøy, Erling Landa, som seier dette til Øyposten.Eit grendalsgsutvalg som blei oppretta i kjølvatnet av kommunesamanslåinga, og som Landa nå håpar på kan få ei like viktig rolle å spela inn i storkommunen.-Ein funskjon som det dei andre grendalaga på dei ikkje landfaste øyane i tidlegare Finnøy kommune også har hatt , og framleis bør og skal ha i Nye Stavanger kommune, meiner han..,-Rett nok har det blitt få moglegheiter til å samlast på grunn av den pågåande koronapandemien det siste året etter at utvalget blei oppretta, held Landa fram. Men han håpar likevel at det nye styret, som i tillegg til han sjølv har Ole Jan Nåden,Mary Ann Drange Pedresen, Rune Nåden Dyrstad, Lisa Breiland og Thomas Nesheim som medlemmer, kan spela ei viktig rolle på vegne av innbyggjarane på og i Finnøy.,-Eg forventar difor at me også blir lytta til i det politiske miljøet i Stavanger, og blir teken på alvor når me har våre utfordringar her, understrekar han.,

Glad i folket, naturen og miljøet her

Den mangårige bonden og tomatgartnaren på vestsida av Finnøy, er blitt svært glad i folket, miljøet og naturen på og i øyane i Finnøy. - Det som særleg har imponert meg i alle desse åra, er det innovative og offensive næringslivet her, og den viljen til omstilling og nytenking som alltid har gjennomsyra lokalsamfunnet vårt. Men også den unike evna til å bidra for lokalsamfunnet gjennom frivillegheita. Det håpar eg også at folk held fram med, sjølv om me nå er blitt ein del av byen. Ja, her trur eg faktisk storsamfunnet og byen har mykje å læra av oss, meiner Landa.

Judaberg blir stadig viktigare

Sjølv om både Finnøy og Talgje nå er blitt landfast gjennom Finnfast, er Landa svært oppteken av at det framleis må vera eit godt og funksjonelt ferje- og hurtigbåttilbod til alle øyane i Finnøy og Ryfylke. -Ferja og hurtigbåten er sjølve livsnerva for dei ikkje landfaste øyane og småsamfunna her, men også for fastlands-Ryfylke. Eg er difor både veldig glad og imponert over det engasjementet som har vore rundt hurtigbåtproblematikken i Ryfylke, og det resultatet som nå aksjonsgruppa har kome fram til med forslag til nye ruter og innsparingar. Der har også vår lokale representant frå Finnøy, Thomas Nesheim, verkeleg spela ei svært sentral rolle, undertrekar landa.

-Eg ser også at Judaberg blir viktigare og viktigare som eit sentralt trafikknutepunkt for all sjøgåande rutetrafikk i Ryfylke. Men eg vil likevel åtvara sterkt med å spela hasard med sjølve dynamikken i hurtigbåtrafikken, ved mange ruter stoppar på Judaberg og passasjerane blir ført over på buss.,Hurtigbåtar er viktig for dei ikkje landfaste øyan. Men dei er også viktig for Ryfylke og øya Finnøy, understrekar den nye grendalagsleiaren på Finnøy.Han har difor tillit til at fylkespolitikarane verkleg tek denne probelmstillinga på alvor.