FINNØY: Og som i dei fleste kampane under årets fotballsesong, var det også Helene og Maria som putta fire av Finnøy sine fem mål i den svært så målrike bortekampen mot Viking torsdag kveld. Det i ein kamp som enda 5-5 , og som på ny dokumenterte at finnøyjentene har hatt ein flott sesong med sine 14 poeng, og truleg ein 3.plass når sluttstrek vert sett denne veka.Viking kan nemleg teoretisk gå forbi Finnøy, om dei vinn stort over topplaget Brodd i den siste hengekampen.,

I kampen mot Viking på Vestbanen, viste laget ei imponerande opphenting, etter å ha lege under 5-3 med berre 10 minuttar igjen å spela.Men nok ein gong ville storscorardn frå Reilstad det annleis, og putta like godt to mål i dei siste speleminutta.Ei imponerande opphenting i serieavslutninga,som nok ein gong viste at det er høg moral i laget.

Dermed tok også Rørtveit steget opp på andre plass på scoringsstatestikken med sine 12 mål  .Øverst tronar Helen med imponerande 15 mål på åtte spelte kampar.