FINNØY:

For seks dagar sidan la Lena Jentoft frå Finnøy ut ein kort videosnutt på 10 sekund på Tik Tok som har blitt vist heile 178 000 gonger.,

Videoen som viser ein tryllekunstnar som kler seg inn i ein ballong, og hopper rundt til musikk, blei tatt i Kongeparken i fjor.

- Eg hadde aldri førestilt meg at videoen skulle ta av på denne måten. Det var jo berre for artigheit eg la den ut, men eg har tydelegvis treft målgruppa, smiler Jentoft.

TikTok er eit sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar med song, miming, humor, dansing, eller dei kan vise fram talenta sine Det er flest unge brukarar på Tik Tok.

- Tik Tok er kjekt for vaksne også, og eg trur at talet på vaksne brukarar har auka  i løpet av koronapandemien. Eg har lagt ut fleire videoar på nettverket tidlegare, men ingen har treft så godt som denne. Det blir sikkert fleire i framtida også, fortel Lena Jentoft.