Pendling internt i øyane er ikkje ein del av "dealen".

- Gjeld HjemjobbHjem-ordninga for bedrifter lokalisert i Finnøy og Rennesøy?

- Nei

,-

Kvifor ikkje?

- Styringsgruppa for Bymiljøpakken vil i løpet av hausten ta stilling til om også bedrifter i Finnøy og Rennesøy kommunedeler kan bli HjemJobbHjem-bedrifter.

,-

Vil tilsette i Stavanger kommune som jobbar i Finnøy eller Rennesøy, f.eks på sjukeheimen på Judaberg, få ta del i ordninga?

,- Førebels er det berre dei som har arbeidsstad i den

gamle

kommuneinndelinga som kan søka om å bli ein del av ordninga.,-

Er prisen 515 kroner for pendlarar ifrå alle deler av den nye kommunen?

- Ja, denne prisen gjelder for ein sone. Sjå oppdatert sonekart: https://www.kolumbus.no/Billetter/soner-og-sonekart/

,-

Vil ein kunne bruka billetten heile døgnet, både på jobb og fritid?

- Det er berre den som er tilsett i ein Hjemjobbhjem-bedrift som har moglegheit til å kjøpa ein Hjemjobbhjem-billett, og den er berre tilgjengeleg på mobil. HJH-billetten kan brukast på alle Kolumbus sine bussar heile døgnet. Den kan og brukast på hurtigbåten til Byøyane/Hommersåk og Vassøyferja, men ikkje på Nattfløtten. I tillegg kan HjemJobbHjem-billetten brukast på Jærbanen. Ifrå 12. oktober vil altså billetten og gjelda på båt i nye Stavanger kommune, nye Sandnes kommune og Kvitsøy kommune.

- Kva må bedriftene gjera for å få ta del i ordninga?

- Alle bedrifter som har kontoradresse i kommunane Randaberg, Sola, Stavanger (utanom Rennesøy og Finnøy) eller Sandnes (utanom Forsand) kan i dag søka om å bli med i HjemJobbHjem-ordningen. Les gjerne meir om ordninga på hjemjobbhjem.no.