SJERNARØY:

- Det er litt synd, basaren høyrer liksom med for å skapa julestemning, seier Eike til Øyposten.,

Heime i stova på Bjergøy er stova full av gevinstar. Her er det strikka og handla til den store gullmedaljen til basaren som etter planen skulle vore på bedehuset neste fredag. Men nå har Astrid Eike innsett at det ikkje går; smittefaren gjer at ho må avlysa basaren.

-Eg har gitt beskjed om at det ikkje blir noko i år både til Halsnøy Musikklag som skulle opptredd, og til Øystein Meling som skulle ha talt, seier ho. Meling har vore fast innslag på basaren i 30 år.

-Heldigvis har eg ikkje begynt å baka ennå, og gevinstane får eg pakka bort til neste jul. Viss korona'en har gitt seg då, blir det basar igjen då, seier Astrid Eike.

Inntektene frå basaren, som i fjor blei på 48.000, går til Misjonssambandet. Minus ein liten pott som går til straum og vedlikehald av bedehuset.

Det er difor omfattande inntekter misjonsorganisasjonane kan gå glipp av i år. Ifølge Arvid Lodden, administrasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband, hadde det ved utgangen av september kome inn 5,2 millionar frå misjonsforeninga i dette distriktet. Det er ein nedgang på 1,44 millionar kroner i forhold til i fjor.

-Heldigvis har det kome inn mange personlege gåver som meir enn oppveg dette, seier Lodden.

-Folk gir med andre ord av eigen lomme?

-Ja, det er mange misjonsvener som stiller opp for oss nå, seier han.

Inntektene frå julemessene, som omfattar både tradisjonelle basarar og salgsmesser før jul, er ein av dei store postane i budsjettet til Misjonssambandet, og har lege på rundt seks millionar kroner.