Bård Erik Holmslet Astad, Mathias Gard og Henriette Urtegård Austbø er klar for finale.

FINNØY:

Ryfylkealliansen har sidan 2016 hatt kappestrid mellom 8. klassingane i Ryfylke om kven som veit mest om Ryfylke. I fjor enda Finnøy Sentralskule sine elevar på ein sterk tredje plass.,

Denne våren blei Ryfylkequizen utsett, grunna koronasituasjonen. Så nå er 8. klassingane blitt 9. klassingar. Og i staden for at alle klassekameratane er med som heiagjeng på finalearenaen, må vinnarlaga frå dei åtte ungdomsskulane reisa åleine til Årdal i Hjelmeland. Til gjengjeld kan alle sjå dei i ein TV-sendt finale frå klokka 12 til 13 i Øyposten si nettavis eller på www.ryfylke.no.

Vinnarlaget stikk av med 1500 kroner kvar, og 3000 kroner til klassekassen, som Hjelmeland Sparebank delar ut.