Ingeborg Rolfsen (t.v.) og Sonja Eidsvik Nordbø stiller seg kritisk til spareplanane på sjukeheimen.

FINNØY:

- Me spring allereie så fort, og har det så travelt, at eg forstår ikkje korleis det er mogleg å få kvardagen til å gå i hop med mindre ressursar, fortel Eidsvik Nørdbø frå Fagforbundet.,

Dei to tillitsvelde er ikkje einig med leiar Gaute Tengesdal, om at drifta ved sjukeheimen på Finnøy vil forsetta å vera forsvarleg sjølv med redusert driftsbudsjett.

Etter at Finnøy blei ein del av Stavanger kommune har sjukeheimen blitt pålagt å redusera driftsbudsjettet frå 50 til 46 millionar kroner. Kuttet er eit resultatet av at sjukeheimen må tilpassa seg same budsjettmodell som resten av sjukeheimane i kommunen, stavangermodellen.

Store konsekvensar

- Modellen tek ikkje omsyn til at det er større utfordringar og betydelege meirutgifter knyta til drifta av sjukeheimen på Finnøy enn ved tilsvarande sjukeheimar i byen. Me har lenge etterlyst svar på kor grensa for forsvarleg drift går, men ingen i kommunen er i stand til å gi oss det. Det er ikkje utan grunn at gamle Finnøy kommune har operert med det budsjettet dei har. Det er mange som har rekna på dette før, seier Ingeborg Bø Rolfsen som representerer Norsk Sjukepleiarforbund.

- Kva er det de fryktar?

- Vårt hovudfokus vil alltid vera pasientane. Me meiner det blir vanskeleg å gi pasientane det dei har krav på av stell og omsorg viss me heile tida skal springa fortare. Det faglege innhaldet i kvardagen skrumpar inn av stramme økonomiske rammer. Me fryktar at resultatet av ei innstraming kan bli at pasientane blir liggande lenger i sengene fordi me ikkje rekk å få dei opp til rett tid om morgonen. Vidare kan det det gå for lang tid mellom kveldsmat og frukost, eller at måltida går over i kvarandre.

- Dette er alvorlege konsekvensar som me helst vil unngå. Me er ikkje fleire tilsette enn at me alltid må prioritera oppgåvene, vega den eine opp imot den andre, kva er viktigast, kva må prioriterast? Me ynskje å sjå heile menneske, og ikkje berre den delen som går på mat og medisinar. Det kjem me ikkje til å greie når budsjettet skal strammast inn, og det uroar oss, seier Bø Rolfsen og held fram: På lenger sikt er konsekvensen at kollegaer vil søka seg vekk frå Finnøy. Vegen til byen har blitt kortare etter at Finnfast blei gratis, me fekk Hjemjobbhjem og prisane på ferja blei reduserte. I ein endå større horisont kan arbeidssituasjonen gjera at sjukepleiarar vil forsvinna ut av yrket, og då blir det i alle fall vanskelegare å rekruttera til sjukeheimane.

Sjå til Finnøy

I ei brukarundersøking som blei gjort av Sentio i regi av kommunen i vår, scora heimebaserte tenester ved sjukeheimen på Finnøy best av alle sjukeheimane.

- Det er me kjempestolte av, og det betyr vel at ressursane blir brukt rett? Tilbakemeldingar frå pasientar som har vore hjå oss frå andre kommunedelar, fortel at dei opplever det godt å vera på Finnøy, dei føler seg sett og godt ivarertekne. Fleire har søkt seg tilbake på korttidsopphald. Med eit budsjettkutt er det desse «fine» mekanismane som ryk fyrst. Låg bemanning og aukande bruk av vikarar, går utover pasientane, ingen tvil om det, seier Eidsvik Nordbø.

Då samhandlingsreforma kom i 2012 var eit av premissa at ein større del av helsetenestane skulle ytast i kommunen, så sant kvaliteten var like god, eller betre.

- Korleis stemmer det med dykka kvardag?

- Pasientane våre blir eldre og mange har komplekse sjukdomshistoriar, det gir oss fleire og tyngre arbeidoppgåver. Me spring allereie så fort, og har det så travelt, at eg ikkje forstår korleis det er mogleg å få kvardagen til å gå i hop med mindre ressursar. Det er stor slitasje på dei tilsette allereie, korleis skal det bli når me må springa endå fortare? Dette går sjølvsagt utover trivselen, og det vil bli fleire sjukemeldingar. Sjukeheimen på Finnøy har alltid hatt eit godt rykte, pasientane er nøgde og gjer uttrykk for å ha det godt hjå oss. Kvifor vil kommunen fjerna noko som fungerer? Måtte dei ikkje heller sjå til Finnøy?

- Kva trur du konsekvensane blir?

- Meir av dei same utfordringane me allereie har, men endå tydelegare. Det vil heller ikkje bli lettare å få tak i kvalifiserte fagfolk i framtida, seier Sonja Eidsvik Nordbø.

Lyfta opp politisk

Henrik Halleland (KrF) seier til Øyposten at han er klar over utfordringane ved sjukeheimen og at partiet hans vil sjå på denne saka i forbindelse med budsjettet.

- Eg meiner det må vera rom for å gjera individuelle tilpassingar, og at ein ikkje alltid kan greia alle sjukeheimane under ein kam. Me vil sjå på innhaldet i sjukeheimsmodellen til Stavanger, og kva for forventningar som ligg i den. Det er ikkje det same å drifta ein sjukeheim i utkantsstrok som i byen, meiner Henrik Halleland.

Berit Hopland (H) i kommunedelsutvalget i Finnøy har i ein mail til administrasjonen stilt spørsmål om kva konsekvensar kuttet får i praksis for sjukeheimen.