Trass i store økonomiske kutt på sjukeheimen meiner leiar Gaute Tengesdal at det er fullt mogleg å oppretthalda forsvarleg drift. Foto: Arkiv.

FINNØY

: - «Men jeg må si at det bare er et tidsspørsmål før grunnbemanningen i sykehjemmene må økes før det går på bekostning av liv og helse for både pasienter og ansatte».,

«Situasjonen er alvorlig. Det handler om å kunne gi forsvarlig helsehjelp».

«Under mange vakter springer vi som piskede skinn for å rekke over alle oppgavene»

Dette skriv sjukepleiar Lena Jentoft Ladstein ved sjukeheimen på Finnøy i eit debattinnlegg i sykepleien.no.

Stort press

I artikkelen peikar ho på at bemanninga ikkje følgjer utviklinga i eldreomsorga, i tillegg til at dei tilsette blir pålagt fleire oppgåver samtidig som pasientane blir skrøpelegare og mange har tunge diagnosar.

-Er situasjonen ved sjukeheimen så alvorleg?

,- Sjukepleiarane har stort ansvar og mykje å gjera. Eg kan forstå at dei som står i denne situasjonen kvar dag kjenner på eit stort press, og av og til kan oppleva situasjonen kritisk. Klart dei ønskjer seg fleire hender. Budsjettkuttet er resultatet av at Finnøy helse- og omsorgssenter må tilpassa seg same budsjettmodell som resten av Stavanger kommune har. Denne modellen er politisk vedteken i kommunen

.

Ved sjukeheimen her har me i snitt fleire folk på jobb enn tilsvarande sjukeheimar andre stader i kommunen, difor vil det bli kutt i bemanninga på enkelte vakter på enkelte avdelingar. Uansett blir det ikkje gjort endringar i helgene som allereie er tynt bemanna, seier leiar ved Finnøy sjuke -og omsorgssenter, Gaute Tengesdal.,

- Skal tilsette seiast opp?

- Nei, det blir ikkje aktuelt. Det er snakk om interne overføringar på huset. Enkelte avdelingar er per i dag underbemanna, og treng fleire tilsette for å møta krava i den nye driftsmodellen.

- Er det realistisk å oppretthalda forsvarleg drift ved enkelte avdelingar etter den nye modellen?

- Eg meiner det går an å driva forsvarleg med dette budsjettet, ja. Når andre sjukeheimar klarer det, bør me også gjera det, sjølv i eit øyrike som har ekstra utfordringar som sjukeheimane i byen ikkje har. Men, om det er ei god løysing, det gjenstår å sjå.

Brukar frivillige

Mange sjukeheimar opererer med begrep som «heilskapleg omsorg». I begrepet ligg føringar som fortel at det ikkje er nok å berre yta hjelp til å dekka pasientane sine basale og fysiske behov, men og hjelpa til slik at pasientane kan delta aktivt i kvardagslivet og få gode opplevingar som kan fremja helse gjennom å heva livskvaliteten.

- Kan Finnøy sjukeheim tilby slik omsorg?

- Ja eg meiner me gjer dette i dag og at me kan fortsette å gjera det. Tilsette på dagsenteret tilbyr aktivitetar til bebuarar, pasientar og heimebuande fleire dagar i veka. Dette fortsett som før.  Frivillige kjem meir tilbake no som me gradvis opnar opp etter pandemien og kan tilby aktivitetar og sosiale treff slik som før pandemien, seier Gaute Tengesdal.