Engelsk og fornemt på fjorden

Det er fornemme engelske wibber på fjorden, når Rødne i samarbeid med kulturkafeen No  18 i Stavanger, arrangerer Afternoon Tea-cruise, slik som under Tomatfestivalen. 

Ellen Undset frå restauranten No 18 i Stavanger serverer Guro Lorentzen, Ann Kristin Svabo og Marianne Gård, som alle har teke turen frå Talgje for å vera med på cruiset.|Utsikten til det idylliske øylandskapet er upåklageleg. Anny Haug Bergeland (t.v.), Ole Bergeland,  Oddgeir Vestersjø og Sølvi Vestersjø kosar seg med utsikt til Halsnøy.||Tre etasjes fat med mykje godt.||||Nina Hansen hos Rødne sørger for at te-kannene er klar til å bli servert.|Olav Sandnes skjenker Cava til sine reisefeller på bord nr 12.  Han og kona Gina (t.v.) kom med fly frå New York, for å besøka søster hans på Finnøy, Else Vignes og mannen Geirulf og for å bli med på Tomatfestivalen. Etterpå skal dei på hytta på Sørlandet.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: Litt over klokka tre laurdag ettermiddag legg Rødnes «Rygerelktra» frå kai på Judaberg, for ein to timars rundtur i strålande vêr til fisterøyane, Halsnøy og Sjernarøyane.,

Det er kvite dukar på borda, nostalgisk dekketøy og behagelig summing frå elktromotorane.  Dei store vinduene og den store, åpne salongen, minner mest av alt om ein flytande luksusrestaurant.

 Utsikten til det idylliske øylandskapet er upåklageleg. Anny Haug Bergeland (t.v.), Ole Bergeland,  Oddgeir Vestersjø og Sølvi Vestersjø kosar seg med utsikt til Halsnøy.

Ein travel betjening ber ut rykande porselenskanner med utvalde tesortar, og fat i tre etasjar med kaker og smørbrød. Fornemme, små fingerskiver med lokale produkt. Laks frå King Mikal i Hjelmeland, agurk frå Johannes Havn på Bjergøy og syltetøy frå Nordahidle gard.

Det er gulrotkake pynta med juvelen blant frukt og bær,  store, mørkeraude moreller. Det er vafler med rømme og syltetøy og sjølvsagt scones.

Smak av luksus

Mellom dei 68 som hadde sikra seg billett til cruiset, som var heilt utselt, er ein veninnegjeng frå Talgje.

-Det er eit imponerande opplegg, og ein imnponerande båt. Absolutt ein liten «touch» av luksus,  seier dei.

 Tre etasjes fat med mykje godt.

To timar etterpå, er dei fortsatt begeistra.

-Det svarte heilt til forventningane, maten var kjempegod og det var ein kjekk rundtur mellom øyane. Einaste lite minus var at det ikkje var opplysningar om kva øyar me passerte, det ville gitt turen eit ekstra utbytte. Men alt i alt var det heilt topp, seier Talgje-kvinnene fornøyd.

Wonderful

Olav og Gina Sandnes er komne eins ærend med fly frå New York for å vera med på Tomatfestivalen, og for å besøka søstera hans Else Vignes og mannen Geirulf på Lauvsnes på Finnøy.

 Olav Sandnes skjenker Cava til sine reisefeller på bord nr 12.  Han og kona Gina (t.v.) kom med fly frå New York, for å besøka søster hans på Finnøy, Else Vignes og mannen Geirulf og for å bli med på Tomatfestivalen. Etterpå skal dei på hytta på Sørlandet.

-Der lagar dei verdens beste tomatar, slår han fast.

Både han og kona er storvegs imponert over båten og opplegget.

-Det er heilt «wonderful», skryter dei.

Trendy tilbud

To vennepar med tilknytning til Ombo, Anny Haug Bergeland og Ole Bergeland, og Oddgeir og Sølvi Vestersjø, synes det spennande å prøva noko nytt.

-Det er eit flott opplegg, og nesten lydlaust, seier dei om den elektriske båten.

Mennene hadde kanskje heller gått for kaffi, men det er fy,fy på eit te-cruise, og Ole Bergeland er facinert av dei små skivene utan skorpe.

-Dei glid ned utan at han merkar det, seier kona.

Ifølge Ellen Undset frå kulturkafeen No 18 er Afternoon Tea veldig i vinden for tida.

-Det er svært trendy. Me har hatt eit cruise med Rødne før, men det er første gang frå Judaberg, seier ho.

 Nina Hansen hos Rødne sørger for at te-kannene er klar til å bli servert.

Noko av imaget er retro dekketyet av alle mulige slag.

-Det har eg fått frå tanter og onklar og rundt omkring, opplyser Undset, som legg til at Rødne og restauranten satsar på nye Afternoon Tea-cruise frå Stavanger i haust.

Publisert: