Fullt "trøkk" på Judaberg
Det durar i gravemaskinar dagen lang på Judaberg for tida. Aktiviteten er rekordstor i Stavangers «sentrum nord».
FINNNØY:
Utfor brakkeriggen som skal husa dei somn skal jobba med nybygget til sjukeheimenb, var det nyleg to gravemaskinar i full sving. Her skal det lagast parkeringsplass, for i brakkene skal det vera plass til fleire titals personar når bygginga kjem i gang for alvor.,
Det betyr at det "krateret" som har lege som ein skamplett på Judaberg, nå kan bli dekka til.
Dessutan er er det gravemaksin-dur utfor det ssom skal bli den nye pub'en på Judaberg. Og som om ikkje det var nok har Gard Maskin ein diger gravemaskin i gang i byggefeltet Nesagjerdet.