Leiar i styret i Fleibrukshallen Arild Flesjå, kan ikkje rosa kunsprosjektet i fleibrukshallen nok. ||||

FINNØY:

Det var mange som ville sjå då gatekunstrane frå Colombia dekorerte veggene.,

Arbeidet med Fred i Colombia starta i ein sundagsskule på Finnøy i 2003. Det var biskop Titu som inviterte til samarbeid. Året etter blei organisasjonen Fred i Kolombia etablert. Sidan har organisasjonen blitt driven med god hjelpa frå frivillige i Finnøy. Som takk for støtte gjennom mange år, fekk Finnøy vakker kunst i retur.

Motarbeider barnefattigdom og vald

- Dette er ein beriking av hallen, utan tvil. Eg er svært imponert og takksame for kunstjobben som er gjort her. Det blei utruleg fint, det seier alle som har sett det ferdige verket. Dei har gjorte ein formidabel jobb, medlemmane i Fred i Colombia i Finnøy, for å få kunstnarane opp hit og med å leggja til rette for dei, seier leiar i styret i feirbrukshallen Arild Flesjå.

Organisasjonen driv blant anna med hjelp til internt fordrivne flyktningar som kom til San Vicente del Caguan, og med utsrekt hjelp mot barnefattigdom og vald. Ved hjelp frå Finnøy driv organisasjonen eit dagsenter for born, i tillegg til mange andre hjelpeprosjekt i fleire landsbyar.

Kvar bilete fortel ei historie, og speglar kvardagslivet i Colombia. Det symboliserer også vennskap som har utvikla seg gejnnom prosjektet.

Det er organisasjonen Fred i Kolombia som har invitert  kunstnarane til Finnøy. Hensikta var at dei skulle få utøva kunsten sin og fortella om forholda i landet og historia om arbeidet dei driv.

- At det blei fleirbrukshallen var litt tilfeldig. Det var fleire andre stader på Finnøy som også kunne vera aktuelle, men så snakke me med Arild Flesjå som tente på ideen og fekk syret med seg, fortel Endre Vasstveit, styremedlem i Fred i Colombia.

Coop Extra på Judaberg har sponsa malinga.