Traktor og tilhengar med masse folk og ungdom i 17.mai-kortesje på Finnøy. Kanskje blir det like mykje virak også i år.

FINNØY/RENNESØY:

Tradisjonen tru blir det igjen barnetog, korpsmusikk, talar for dagen, pølser is og brus, konkurransar og leikar for borna. Og igjen skal me finna fram bunaden, stryka skjorter, pussa sølvet. Med andre ord, ein nasjonaldag slik me har feira den i mange, mange år.,

Her kjem programmet for dagen for øyane:

Finnøy

På Finnøy blir det tradisajonen tru bilkortesje rundt øya om morgonen klokka 0900, kransnedlegging ved minnesmerket etter eidsvollmannen Asgaut Regelstad, familiegudsteneste i Heby-kyrkja, folketog frå Fleirbrukshallen klokka 12.30 og fest i hallen med tale for dagen av Mimir Kristjánsson, pluss basar.

Halsnøy

På Halsnøy går toget frå barnehagen og til Eike klokka 11. Det blir tale for dagen ved Tor Øyvind Skeiseid, sal av lapskaus, pølser brød og kaffimat, og leiker og konkurransar med premieutdeling etterpå.

Fogn

Også på Fogn blir det bilkortesje som vanleg. Den begynner klokka halv åtte frå Runestad. Det blir tog frå skulen til kyrkja kor musikkantane i "Messing" spelar. Det blir song og tale frå sjuandeklassingane Johanna og Noah, og tale for dagen av Mathias Hovda. Dessutan blir det leiker for barna. Etter "Ja, vi elsker" blir det tog tilbake til skulen, kor det blir mat og leiker. Klokka 16 kjem "Restauration" innom Eidvåg med påfygjande kransnedlegging. Om kvelden er det folkefest på skulen, og festtale som i år blir halden av Per Ivar Selvaag.

Talgje

På Talgje startar toget klokka 11 frå Grendahuset, og deretter blir det festsamling i gymsalen ved sjuandeklassingane og Ellen G. Gard, som skal ha ein samtale seg imellom. Det blir med andre ord ein vri på den tradisjonelle talen for dagen.  Det blir salg av mat, kaker, kaffi og is pluss aktivitetar og konkurransar med premieutdeling.

Ombo

Ombo får i år besøk av det nystarta musikkorpset på Finnøy, som skal gå saman med folketoget frå kaien på Eidssund til skulen. Det blir salg av mat og konkurransar og leiker for barn og vaksne. Talen for dagen blir halden av forfattaren av kultursoga, Hans Eyvind Næss.

Sjernarøy

På Sjernarøy går toget frå Grendahuset klokka 10.30, og endar på skulen. Også her blir det aktivitetar for små og store, sal av mat og drikke og is og tale for dagen av Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal.

Rennesøy

På Rennesøy går barnetoget frå Rennesøy skule klokka halv ti til sjukeheimen og tilbake til Vikevåg bedehus.  Det blir gudsteneste i Vikevåg bedehus klokka 11.15, og deretter blir det feiring av nasjonaldagen i dei tre krinsane på øya, Vikevåg, Sørbø og Østhusvik.

I Vikevåg blir det leiker og tivioli på barneskulen, sal av pølser, lapskaus, brus, kaker og kaffi. Talen for dagen blir halden av lærar Alla Elmedal. Gamlakorpset spelar.

I Østhusvik åpnar dørene i grendahuset klokka halv tolv. Det blir leiker for barna, korpset spelar og tale for dagen av Tom Egil Tobiassen.

Også Sørbø grendahus åpnar dørene halv tolv, det blir leiker og salg av lapskaus, kaker, kaffi, brus og is. Gamlakorpset spelar, og det blir tale for dagen ved Lotte Mjelde Knutsen.

Mosterøy

På Mosterøy går barnetoget frå Askje kyrkje klokka 09.30. Det blir familiegudsteneste i Askje kyrkje og fest i Mastrahallen med leikler for barna, lykkehjul, famileløp., hesteridning og tippekonkurranse. Korpset spelar, og talen for dagen blir halden av finnøybuen Henrik Halleland. Ungdommens tale er det Arne Rusten som held.

Bru

På Bru blir det leiker for store og små i barnehagen, og tale for dagen11:00 Flaggheising

Tale for dagen ved demokratirådgjevar Ayan Jama i Stavanger kommune. Det blir også kiosk og kafé, utlodning og premieutdeling.

Austre Åmøy

På Austre Åmøy går toget frå Grendahuset til Meling, til rundkjøringa og tilbake til grendahuset. Korpset spelar, og talen for dagen blir halden av Rune Askeland, profilert MDG-politikar i Stavanger. Dessutan blir det salg av mat og godsaker, og leiker.