Kolumbus: Venteromet forblir på Fiskepiren

Kolumbus har likevel funne plass til dei reisande i hurtigbåtterminalen på Fiskepiren. Der kan dei både få varma seg, sitja ned og lada mobiltelefonen, men ikkje gå på toalettet. Då må dei over til Jorenholmen.

Kolumbus har funne plass til dei reisande på Fiskepiren, like vel.
Publisert:

– Kolumbus har i dag hatt møte med byggherren på Fiskepiren og saman har me funne ei løysing for eit midlertidig venterom for passasjerane. Rommet er i ein del av Fiskepiren-bygget som ikkje blir berørt av byggearbeidet. Det vil vera sitteplassar og også mulig å lada telefonen der.

Fiskepiren vil ikkje bli stengt for reisande før det midlertidige venterommet er klart til bruk, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Morten Nesvik til Øyposten.

-Blir det mulighet til å gå på toalettet på Fiskepiren?

-Nei, det har me dessverre ikkje fått til. Men det er bare 100 meter bort til offentleg toalett, som ligg på utsida av parkeringsanlegget på Jorenholmen. Der kan du betala med kort, og det er både billegare og betre enn dagens tilbud på Fiskepiren, meiner Nesvik.