Aspirantane i Finnøy Musikkorps spelar opp.|Rennesøy Musikkorps under konserten.

FINNØY

: Det var full sal i Kulturstova på Finnøy laurdag då felleskonserten gjekk av stabelen.,

Dirrigent i Finnøy musikkorps, Hartvik Amdal, er svært godt nøgd med arrangementet.

-Dette er noko me må få til kvart år, seier Amdal til Øyposten.

Det var det nystarta Finnøy musikkorps som tok initiativet til konserten.

-Me vil gjerne vera på offensiven, og ikkje bare spela for oss sjølv. Difor har me alt planar om fleire prosjekter fram mot sommaren, i tillegg til å spela på 17. mai, sjølvsagt. Dessutan har me begynt å tenkja på hausten.

-Kan du røpa noko av det som skal skje?

-Me skal i alle fall ha ein sommarkonsert. Konsert på sjukeheimen kan det også bli, seier Amdal.

Skeie Brass under konserten. Foto: FOTO: Privat

Finnøy musikkorps varta opp med rolege musikkstykke, og satsar i første omgang på å byggja god klang i korpset. På repertoaret stod «Eventide», «Nocturn» av Rolf Løvland, eit sjølvskrive stykke kalt «til trøyst» av korpsmedlem Dag Sæbøvåg, «Tirna Noir» av Vamp og «Irish Blessing». I tillegg var det eit fellesnummer med aspirantane i korpset.

Konserten varte halvannan time, og etterpå var det drøs og pizza for dei tilreisande musikkantane. Før konserten kunne dei som ynskte bli med på ein guida tur rundt Finnøy.

-Tilbakemeldingane på opplegget vårt frå dei andre korpsa er svært gode. Dei synes det var ein kjekk dag, seier Hartvik Amdal.

Finnøy Musikkorps får stadig tilsig av nye medlemmer. Blant dei som har lyst å begynna, er tidlegare kommunelege Aslak Bråtveit.

-Samspel med andre er reine bensinen i livet, seier Bråtveit, som trur det blir kornett han kjem til å bidra med i musikkorpset.

Rekrutteringa av den yngre garde til musikkorpset begynner også å ta seg opp, og for tida er det rundt 20 aspirantar i korpset. Dessutan har musikkorpset søkt om at krops blir ein del av musikkskulen i Finnøy, med tanken på å få i gang eit skulemusikkorps.