Passasjerane til Andrei Akselrod og Arbeid Bjerga fekk ikkje komma inn i Danmark og er no i asyl i landet.

FINNØY:

Andrei Akselrod og Arvid Bjerga  er som mange veit på tur til Polen for å henta slektningar av Andrei til Finnøy.,

Torsdag kveld i sist veke reiste dei to frå Finnøy i kvar sin bil for å henta 12 personar like over grensa til Polen. Kva tid dei kjem tilbake til Finnøy, er usikkert, det kjem an på kva dei møter av utfordringar på grensa til Norge.

- Me hadde håpa å kunne køyra frå Hamburg til Hirtshals, og ta ferja direkte til Kristiansand. Men på grunn av at passasjerane våre ikkje har biometriske pass, må me reisa via Sverige, noko som gjer heimturen ekstra lang, men det betyr ingenting, seier Andrei.

,-

Korleis er stemningen om bord

?,

-  Alle er trøtte og slitne, men svært glade og letta for å slippe ut av Ukraina. Nokon les, nokon søv og andre pratar, så eg vil sei stemninga er så god som den kan vera. Me er alle så utruleg takksame for den enorme velviljen så mange har vist i forbindelse med denne turen. Kan du vera grei å skriva det?

Etter eit innlegg på Facebook hadde frivillige samla inn vel 30 000 kroner på under eitt døgn.

,-

Når er de heime på Finnøy?

- Eg trudde i morgon, men no veit eg ikkje sikkert lenger. Det kjem an på om det blir utfordringar ved grensa, eller om det er lange køar. Eg tenker når me har komme så langt så er det ikkje så farleg. Det viktigaste er at me kjem oss heim, seier Andrei Akselrod.