Har du noko på hjartet eller ei sak du brenn for? Då vil gjerne Hegdal høyre frå deg.

– Eg er veldig opptatt av at me skal lukkast med å utvikle heile den flotte kommunen vår. Då er det å kome seg ut og snakke med folk i dei ulike kommunedelane heilt avgjerande, seier Knutsen Hegdal til Øyposten då me lurar på kvifor ho vel å gjere dette.

Mange innspel

Ho fortel at ho heiar på dei mange gode initiativa og innspela ho får frå innbyggjarar.

– Eg har sterk tru på samarbeid, seier ho:

– Derfor set eg jamnleg av tid til faste «Sissel-timar» ute i kommunen vår, og 16. april skal eg vere på Meieriet i Vikevåg. Eg håper på besøk av mange innbyggjarar – både dei med gode idear til aktivitetar og saker me kan løfte, men også dei som opplever at det er utfordringar og problem som må løysast.

Vidare seier ho at Rennesøy er ein fantastisk kommunedel med store moglegheiter, og at ho gjerne vil lytte og lære meir om korleis lokalbefolkninga ønskjer å utvikle kommunedelen sin.

Mykje erfaring

– No har eg vore heldig å få vere folkevald i Stavanger i meir enn 20 år, og eg har alltid lagt stor vekt på å setje av tid til besøk og møter med innbyggarane. Det gjorde eg også då eg var ordførarkandidat, og dette er et tilbod eg ønskjer å ha i heile min ordførarperiode, seier ho:

– Så kjem eg også gjerne på besøk utanom «Sissel-timen» når det er saker som må løftast. Det er i samarbeid med kvarandre at me verkeleg klarer å få ting til.

Det blir moglegheit for noko avskjerma samtalar om du ikkje vil rope ut saka di offentleg.

Påmelding gjer du til ragnhild.r.leganger@stavanger.kommune.no eller til mobiltelefonnummer 98489057.