Tredje året med julegaveaksjon til vanskelegstillte i Finnøy

Kyrkja i Finnøy og Frivilligsentralen har for tredje året julegaveaksjon til vanskelegstillte i Finnøy. Pengane som kjem inn skal distribuerast i form av gavekort via Nav.

Brenda Talgø Kolstadløkken (t.v.) og Ragn hild Valand står føre årets julegaveaksjon.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Ifølge Nav er det fleire som treng hjelp nå enn tidlegare. Det er ikkje så rart når «alt» er blitt så mykje dyrare, seier Brenda Talgø Kolstadløkken frå Kyrkja i Finnøy og Ragnhild Valand frå Frivilligsentralen.

Dei to står i spissen for åreets julegaveaksjon, og håpar at gjevargleda er stor i Finnøy kommunedel. Første året, i 2020, var målsettinga å samla inn 10.000 kroner. Resultatet blei svimlande over 20.000. I fjor gjekk det litt ned til 15.000 kroner.

Pengane som kjem inn blir det kjøpt gavekort på Coop’en for. Dei kan brukast i alle matbutikkar i Coop-systemet, og gavekorta blir fordelt via Nav.

-Gavekorta er på 500 kroner og 1000 kroner. Det er ikkje så store beløpa, men for dei det gjeld vil det vera ei stor oppmuntring. Då kan dei kanskje få råd til litt julegaver til barna i tillegg, seier dei to eldsjelene.

Julegaveaksjonen pågår fram til slutten av november, og pengane kan både vippsast og overførast direkte til konto. Vipps-nummer er 719152, mens kontonummeret er 33473001905.

-Me tek sikte på å fordela gavekorta i begynnelsen av desember, seier Brenda Talgø Kolstadløkken og Ragnhild Valand.