Det er slutt på å få refundert kostnadane på å reise med desse frå neste år. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ordninga med gratis buss og båt for innbyggjarar i Stavanger kommune blir avslutta til nyttår, vedtok bystyret måndag i saka om tertialrapporten.

Blir det pengar att av dei 200 millionar kronene som var sett av då ordninga blei innført 3. juli i år, kan det bli aktuelt å innføre ei gratisordning for studentar neste år, opplyser varaordførar Henrik Halleland til Øyposten.

Fotgjengarar tek bussen

Dag Mossige starta debatten med å trekke fram gratis kollektivtrafikk som eit godt tilbod som har ført til auka innbyggartal som aukar tilskot frå staten.

Både Høgre og Framstegspartiet argumenterte for at gratis kollektivtilbod ikkje har hatt nokon effekt på bilbruk i kommunen.

– No gjekk bilbruken opp samtidig som bussen var gratis, seier Leif Arne Moi Nilsen frå Framstegspartiet.

Ingebjørg Folgerød frå Høgre påpeiker at dei som løyser ut billettar er dei som bur i bynære område, medan på Finnøy er det løyst ut mindre enn ein billett per innbyggar.

– Det er fotgjengarane som tar bussen meir, seier ho.

– På Finnøy er ikkje bussforbindelsane imponerande, så det er ikkje rart at dei ikkje tar bussen der. Me meiner at pengane heller skal gå inn i klima- og miljøfondet. Høgre vil saman med fylket leite etter løysingar som er betre for heile kommunen.

Godt forslag, men nei

Anne Kristin Bruns frå Kristeleg Folkeparti kallar tiltaket frå det gamle kommunestyret for spennande og spenstig, men at ho ikkje vil støtte ei vidareføring fordi det ikkje var langsiktig nok.

– Det har ikkje ført til betre klima eller mindre bilbruk, seier ho. Ho påpeiker også at saka burde vore meir gjennomarbeida frå starten av.

– Då kunne me kanskje klart å utvikle eit betre tilbod som varar lenger enn nokre månader.

Birger Wikre Hetland frå Senterpartiet kommenterte i ein replikk til Bruns at det ofte blir snakka om Finnøy si bruk av kollektivtrafikk, men samtidig vil dei ikkje gi fordeler som rimelegare billettar eller gode ruter.

– Der det er færre brukarar, blir det mindre ruteproduksjon, svarar Bruns.

Seinare i debatten seier Sara Mauland frå Raudt at gratis reiser ikkje berre skulle vere eit incentiv for miljøet og for å auke talet på brukarar av kollektivtilbodet, men også at det skulle vere ei påskjønning til dei som vel å reise kollektivt.

Avstemminga enda med fleirtalet (PP, KrF, Frp, H, V) sine stemmer mot forslaget om å vidareføre gratis kollektivtrafikk, og folk må dermed snart begynne å betale sjølv for billettane sine.